Frå 1. mars kan du søkje om produksjonstilskot

Fristen for å søkje om produksjonstilskot er 15. mars. Søknadssystemet opnar for registrering 1. mars. Vi tilrår at du søkjer i god tid før fristen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.03.2020

Vi tilrår at du er ute i god tid med søknaden. Dersom det er noko du er usikker på kan du ta kontakt med kommunen. Det er landbrukskontoret i kommunen som behandlar søknaden og som kan svare på spørsmål.

Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret

For å kunne søkje må du ha registrert føretaket i Einingsregisteret (Enhetsregisteret). Dersom det er første gong du søkjer, kan det vere greit å ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen for å få rettleiing.

Fristar

Du kan føre opp dei dyra du disponerer 1. mars. Fristen for å søkje er 15. mars. Du kan endre opplysningane i den innleverte søknaden i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, dvs. fram til 29. mars.

Trekk i utbetalinga om du leverer for seint

Du kan levere søknaden inntil 14 dager etter søknadsfristen, men då blir tilskotsutbetalinga redusert med 1000 koner for kvar dag fristen er overskriden.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon på Landbruksdirektoratet si nettside om produksjonstilskot. Her finn du lenker til forskrift og rundskriv. Du finn også lenke til elektronisk søknadsskjema.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.