Ekstrautbetalinga av produksjonstilskot kjem i september
I jordbruksoppgjeret blei partane einige om å kompensera inntektssvikta i 2022, mellom anna med ei ekstra utbetaling av produksjonstilskot på om lag 1 450 millionar kroner. Dei fleste vil truleg få pengane inn på konto i fyrste halvdel av september.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det vil bli betalt ut ekstra arealtilskot, husdyrtilskot og distriktstilskot til veksthusgrønsaker og salat på friland. Ekstrautbetalinga er delvis basert på tal frå søknaden om produksjonstilskot frå oktober 2021, og delvis frå tal lagt inn i søknaden om tilskot for 2022 i mars i år.
Sjå meir informasjon om dette på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Landbruksdirektoratet melder no at dei legg opp til at ekstrautbetalinga av produksjonstilskot kjem i fyrste halvdel av september, men tek atterhald om forseinkingar. Landbruksføretaka vil få det ekstra tilskotet inn på konto i to ulike utbetalingar. Fyrst vil den delen av ekstrautbetalinga som er basert på søknaden frå 2021 bli utbetalt. Dette gjeld ekstra arealtilskot, distriktstilskot og husdyrtilskot basert på slakteriopplysningar (slaktegris og fjørfe), livdyr av fjørfe, rugeegg og bifolk. Deretter vil det koma ei ekstrautbetaling basert på opplysningar frå søknadsomgangen i mars, det vil seie husdyrtilskot til dei resterande husdyrproduksjonane.
Dersom du er søkjar av produksjonstilskot, så kontakt landbrukskontoret i kommunen din dersom du har spørsmål.