323 millionar kroner i ekstrautbetaling til bønder i Rogaland
I årets jordbruksoppgjer blei partane samde om å kompensere for inntekssvikten i 2022. Det blir mellom anna gjort gjennom ekstra utbetaling av produksjonstilskot.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er gjennomført to utbetalingar no i september 2022. Føretak som startar opp i 2022 vil få ekstrautbetalinga i februar 2023.
Utbetaling basert søknadsopplysningar frå oktober 2021
Første del av utbetalinga blei gjort 6. september, og det var ekstrautbetaling berekna ut frå dyretal og areal ført opp i søknad om produksjonstilskot i oktober 2021. I Rogaland har 3893 landbruksføretak fått utbetalt total 120 millionar i ekstratilskot. Av dette utgjer arealtilskot 68 millionar, husdyrtilskot 31 millionar og distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønsaker utgjer 3 millionar.
Utbetaling basert søknadsopplysningar frå mars 2022
Andre del av utbetalinga blei gjort 9. september, og det var ekstrautbetaling berekna ut frå dyretal ført opp i søknad om produksjonstilskot i mars 2022. I Rogaland har 3392 landbruksføretak fått utbetalt totalt 130 millionar kroner i ekstratilskot til husdyr.