Beitebruk og tilskot

Kyr på beite.
Føremålet med beitetilskot er å stimulere til auka beiting. Dette er eit viktig verkemiddel for pleie av kulturlandskap og utnytte utmarksressursane. Foto: Eli Munkeby Serigstad.

Mange opplev ordningane "beitetilskot" og "tilskot til dyr på utmarksbeite" som vanskelege å forvalta og kontrollera. Her er informasjon og faglege råd til kommunane som skal vurdera om søkjaren oppfyller vilkåra for å få tilskota. 

Publisert 20.11.2024

Tilskot for dyr på beite skal stimulera til auka beiting, god utnytting av utmarksressursane og til pleie av kulturlandskapet. 

Gjeldande krav og satsar for tilskot til inn- og utmarksbeite følgjer av jordbruksavtalen. Vilkår for å få beitetilskot og tilskot for beite i utmark går fram av forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket § 3 tredje ledd, bokstav c og d. Vilkåra er vidare forklart i rundskrivet «Produksjonstilskot og avløysartilskot – kommentarar til regelverket». 

Me viser til den nyaste jordbruksavtalen og siste versjon av rundskrivet på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Krav og vilkår

Det gis tilskot for dyr på utmarksbeite for tal dyr føretaket har disponert, og som har oppfylt kravet for tida dyra skal gå på beite. I rundskrivet er det sett krav til tal veker dyra må gå på beite. I dei vekene dyra er på utmarksbeite må hovuddelen av det daglege grovfôropptaket koma frå beiting. Beita må ha tilfredsstillande beitemoglegheit. 

Forvaltning av ordningane

Føremålet av ordningane skal leggjast til grunn ved behandling av tilskot til beite og utmarksbeite. Hovuddelen av det daglege opptaket av grovfôr skal skje ved beiting, og det betyr meir enn halvparten av totalt grovfôropptak. Ein kan gje tilleggsfôr med grovfôr utanom, men tilleggsfôret  skal utgjera ein mindre del av totalrasjonen. Arealet skal ha tilfredsstillande beitemoglegheit for det talet dyr som beiter der, og nok grovfôrgrunnlag til at hovuddelen av grovfôropptaket skal skje ved beiting.

Kor mykje areal treng dyra?

I forvaltninga av beitetilskotsordningane kan det vera vanskeleg å vurdera kor mykje areal dyra treng. Det er sjølvsagt avhengig av beitekvalitet, men andre variable faktorar kan påverka frå sesong til sesong, til dømes vêret. I ein dårleg vekstsesong kan det henda det ikkje er nok grovfôrgrunnlag i høve  til tal dyr, og difor må ein gje meir tilleggsfôr. Viss ein då må gje meir tilleggsfôr i høve til grovfôropptak frå beite gjennom beitesesongen, kan det henda ein ikkje oppfyller vilkåra for få beitetilskot.

Innmark og utmark

Ifølgje regelverket er det ikkje rom for å vurdera om arealet kunne vore stort nok for ein del av dyreflokken, og gje beitetilskot til desse. Om beitearealet i teorien er stort nok til å dekkja behovet berre for nokre dyr, kan ein med sannsyn seie at ingen av dyra har hatt hovuddelen av grovfôropptaket frå beite. Dermed er det ikkje grunnlag for å innvilga beitetilskot for nokre av dyra.

Viss dyra har moglegheit til å vandra mellom innmarksbeite og utmarksbeite, kompliserer dette forvaltninga av ordninga. Det er viktig å vera merksam på at det er kravet til grovfôropptak som gjeld for tilskota.

Tidlegare kunne ein nytte seg av «Rogalandsmodellen» i vurderinga av grovfôropptak mellom innmarksbeite og utmarksbeite. Prinsippet var å berekna om dyra hadde nok grovfôropptak på innmarksbeite, og deretter berekna beite på utmark. Vi viser til føringane over, og det er difor ikkje lenger moglegheit til å bruka «Rogalandsmodellen» ved behandling av søknad om beitetilskot. Lenkje til «Rogalandsmodellen» finn du her. Den gamle «Rogalandsmodellen» beskriv dei faglege vurderingane som blei gjort, og den blei brukt som ei generell rettleiing.

Beitekvalitet og beiteåtferd

Årsaka til at ein ikkje kan gje ein generell «regel» på tal dyr per dekar, er fordi beitekvaliteten er ein avgjerande faktor for grovfôrgrunnlaget. Beitekvaliteten kan vera svært varierande, spesielt på utmarksbeite. Eit innmarksbeite skal ha grasrik og engliknande vegetasjon, beståande av minst 50 % kulturgras og beitetålande urter (Kjelde: Rettleiar for klassifisering av innmarksbeite i AR5, Nibio 2020). Beitekvaliteten er den viktigaste parameteren for å vurdera beitegrunnlaget og areal. I tillegg må ein ta omsyn til andre faktorar som spelar inn på beiteåtferden.

Det kan vera tilgjenge på næringsrike plantar, høve til ly, fordeling av vegetasjon i høgdesonar, plassering av vatn og slikkesteinar med meir. Ulike dyreslag og rasar innan dyreslaga vil og ha ulik beiteåtferd. (Kjelde: Utmarksbeite – ressursgrunnlag og beitebruk, Rekdal, NIBIO 2021). Dette er skildra i rapport publisert av Høgskolen i Innlandet. Kjøtfe av ulike kjøtfeferasar har ulik evne til å beite, samt alder på dyra har verknad på beiteevna. Dyretettleika påverkar og beiteåtferda. (Kjelde: Beiteadferd, habitaseleksjon og produktivitet hos storfe på utmarksbeite, Høgskolen i Innlandet 2019).

Beitestrategi

Val av beitestrategi påverkar behov for beiteareal. Kontinuerleg beiting krev større areal enn til dømes stripebeiting grunna større beitetrykk over heile arealet. I vurderinga må ein ta høgde for at avlingsnivået og næringsnivået i graset går ned utover vekstsesongen, og at det kan vera behov for tilleggsfôring mot hausten. Likevel skal grovfôrgrunnlaget vera stort nok til å dekka hovudopptak av grovfôr frå beite minimum i det talet veker som gjer rett til tilskot. Viss ein må gje tilleggsfôr i den sterkaste vekstsesongen i ein normalsituasjon, er det med sannsyn ikkje nok grovfôrgrunnlag til å dekka grovfôrbehovet på beite.

Ifølgje rapporten frå Rekdal beitar storfe fyrst og fremst på gras og halvgras. Faktorar som påverkar grovfôropptaket negativt er sterk varme og kraftig regn. Då trekk dyra i le i område med mindre tilgang til fôr, til dømes inn i tett skog. Sjølv om storfe oppheld seg i område med dårleg beitekvalitet, betyr ikkje dette at dei tek opp mykje fôr herifrå. Varmt vêr og mykje insekt gjev dyra mindre ro til beiting og kvile.

Husdyrprodusentar med beitedyr har ulike beitestrategiar basert på produksjon og tilgjengelege beiter for ulike dyregrupper. Nokre vel puljedrift for å tilfredsstilla kravet til utmarksbeite, fordi arealet ikkje er stort nok til å ha kontinuerleg beiting av alle dyr samstundes. Då skal ein vera klar over at mindre gjenvekst og lågare næringsinnhald utover sesongen betyr at ein må auke arealet for den siste pulja for å ha likt beitegrunnlag som den fyrste pulja.

Vi siterar frå Temahefte «Innmarksbeite til oppdrett og kjøtproduksjon på storfe» frå Nortura, side 7:

Produksjon av beitegrøde gjennom sesongen og behov hos dyra på beite vil avgjera arealbehovet. Til ei ammeku med kalv vil ca. 3,0 daa fulldyrka eng til slått og beite vera nok, mens det på kontinuerleg kulturbeite kan det vera behov for 5-8 daa per ammeku. Til ungdyr på 300-400 kg bør ein rekna med 2,5-5,0 daa per dyr gjennom sesongen på kontinuerlege beite.

Tal dyr og tilgang på areal vil vera avgjerande. Ungdyr som blir sleppte på beite har gjerne bruk for dobbelt så stort areal i september som i juni både fordi dyra er større og fordi grasproduksjonen på beite er mindre.

Viss ein har puljedrift med ungdyr på utmarksbeite, må ein ta omsyn til tilvekst og krav til auke i beiteareal for å få ønska tilvekst av dyra. Viss ein vesentleg del av grovfôropptaket for den siste pulja er tilleggsfôr for å halde tilveksten jamn, kan ein vurdere dette til at grovfôropptaket i hovudsak ikkje er frå beite. Vilkåret for å få tilskot til utmarksbeite for siste pulje er difor ikkje oppfylt. Produsenten må kunne dokumentera beitestrategien med ein beitelogg.

Sau

Sauen har eit anna beitemønster enn storfe. Mens storfe føretrekker næringsrik vegetasjon som gjerne er lett tilgjengeleg, vel sauen småvokst gras og urter. Sauen bevegar seg meir i kupert terreng, og trekk gjerne opp i høgda ettersom vegetasjonen utviklar seg (Kjelde: NLR Grovfôrskolen- Beiting).

Beitekvaliteten er, og for sauen, avgjerande for arealbehovet. Næringsverdien i vegetasjon på utmarksbeite kan vera vanskeleg å anslå. Rettleiing frå Rekdal er å sjå på tilhøvet mellom gras og urter. Om lyng og lav er dominerande vekstar, er beitekvaliteten låg. Rapporten beskriv ulike naturtypar som beitedyra ferdast i, og gir god informasjon om desse i høve til beiting.

Vi siterer NLR sin nettstad om beiting av sau på utmarksbeite, lenkje:

Vegetasjonskart er svært nyttige når vi skal kartlegge utmarksbeiter og anslå hvor mange dyr et gitt areal kan gi fôr til. Generelt kan vi si at et mindre godt beite kan tåle 30-50 sau pr km2. Et utmarksbeite av høg kvalitet kan gi fôr til 80-100 sau pr km2. Man må her regne dyretall pr km2 nyttbart beite*. Mye utmarksareal i Norge er fjell og har ikke beiteplanter nok til å kunne regnes som husdyrbeite.

For å vurdera om ein oppfyller vilkåret for grovfôropptak hos sau, er det viktig å ta omsyn til nytteverdien av utmarksbeite.

*Nyttbart beite er definert i rapporten frå Rekdal. Det er sum areal som er klassifisert som godt og særs godt beite. Det er areal som ein kan rekne med dyra tek opp av beiteplanter av betydning for tilvekst.

Korleis er beitekvaliteten og beitekapasiteten i Rogaland?

Rapporten frå Rekdal skildrar beitekvaliteten i Rogaland. Ifølgje rapporten kan 79 % av landarealet reknast som tilgjengeleg utmarksbeiteareal. Av tilgjengeleg utmarksbeiteareal er 46 % klassifisert som mindre godt beite og 46 % som godt beite. Berre 8 % av tilgjengeleg utmarksbeiteareal er klassifisert som særs godt beite. Klassen særs godt beite er ein god indikator på beitekvaliteten i desse områda!

Rekdal skil mellom tilgjengeleg utmarksbeiteareal og kva som er nyttbart beite. I Rogaland utgjer nyttbart beiteareal 54 % av tilgjengeleg utmarksbeiteareal. Årsaka til at Rogaland har til dels dårleg utmarkskvalitet, er på grunn av næringsfattige bergartar og store fjellareal med lite lausmassar og difor lite plantedekke.

Ifølgje rapporten er beitekapasiteten i utmarka vurdert etter opplysningar frå søknadar om produksjonstilskot. Det er tatt høgde for beitande hjortedyr. Berekningar gjort på tal frå 2019, viste at utnytta tilgjengeleg beitekapasitet var på totalt 107 %. Resultatet er særs usikkert då mange faktorar spelar inn. Det visast mellom anna til at mykje beiting skjer mellom innmark og utmark, oppgjødsla utmark som ikkje er registrert som innmarksbeite, og at det truleg er ein del tilleggsfôring av dyr på beite. Det står vidare i rapporten at beitetrykket truleg er høgt i delar av fylket.

Kva kan ein kontrollera?

Ved tvil om arealet har vore stort nok til at grovfôropptaket i hovudsak skjer på utmarksbeite, kan ein be om beitelogg og sjekke terrenget med bruk av flyfoto i temakart.

Viss ein drar på stadleg kontroll, kan det vera lurt å dra mot seinsesong for å sjekka beitetrykket. Er arealet stort nok til gjenvekst av vegetasjonen? Korleis er vegetasjonen på beite ein observerer, til dømes gjenståande ugras eller gjenvekst av gras? Er det teikn til tilleggsfôring og kan bonden dokumentera kor mykje tilleggsfôr som er gitt i beitesesongen?

Produsenten har gjerne mål på produksjonen under beitesesongen, mjølk eller vekt/brystmål av ungdyr. Redusert fôropptak påverkar tilveksten og produksjonsresultatet. Alt må sjåast i samanheng med tilgjengeleg areal, beitekvaliteten på arealet og faktorar som påverkar denne.

Vi har laga eit forslag til beitelogg, vedlegg på sida. 

 

Kjelder:

  1. Tofastrud m.fl. (35-2019) Beiteatferd, habitatseleksjon og produktivitet hos storfe på utmarksbeite, Høgskolen i Innlandet 
  1. Rekdal, M. Angeloff (12-2021) Arealrekneskap i utmark. Utmarksbeite – ressursgrunnlag og beitebruk, NIBIO 
  1. NLR – Grovfôrskolen – 12. Beiting 
  1. Nortura, NLR, Innmarksbeite til oppdrett og kjøttproduksjon på storfe 
  1. NIBIO, Rettleiar for klassifisering av innmarksbeite i AR5 (2020) 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.