Søk om produksjons- og avløysartilskot innan 15 oktober
Frå og med 1. oktober kan du levere del 2 av søknad om produksjonstilskot i jordbruket og avløysartilskot ved ferie og fritid for 2017. Teljedato er 1. oktober.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Du kan søkje om tilskot til avløysing ved ferie og fritid, husdyrtilskot, tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar, areal- og kulturlandskapstilskot, tilskot til dyr på beite og utmarksbeite, driftstilskot til mjølk og spesialisert kjøttfeproduksjon og distriktstilskot frukt, bær og grønt. Du kan òg registrere dyr som gir grunnlag for avløysartilskot, og tilskot til grovfôrareal.
Søknadsfristen er 15. oktober. Det vil i år òg vere mogleg å levere søknaden heilt fram til 29. oktober. Dersom du har levert søknaden innan fristen, har du òg moglegheit til å endre opplysningane i søknaden fram til 29. oktober, utan å få trekk.
Etterregistreringar
Fram til 10. januar 2018 er det mogleg å etterregistrere visse opplysningar. Dette gjeld avløysarutgifter for perioden 16. oktober til 31. desember, dyr på beite som her tatt inn frå utmarksbeite etter 15. oktober, livdyr av kylling og kalkun som er seld mellom 16. oktober og 31. desember og frukt, bær og veksthusgrønsaker (inkl. salat på friland) som er levert godkjend omsetningsledd mellom 16. oktober og 31. desember.
Informasjon om regelverk og tilskotsordningane
Du må kjenne til regelverket, og du har ansvar for at søknaden er rett utfylt og levert i rett tid. På Landbruksdirektoratet si nettside finn du informasjonskjelder som kan vere nyttige for deg som søkjer:
- Rettleiar for utfylling av søknad om produksjons- og avløysartilskot
- Jordbruksavtalen
- Forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket
- Rundskriv 2017-27 (kommentarrundskrivet)
- Informasjonsskrivet
- Nettsida om det nye søknadssystemet for produksjonstilskot
Det er kommunen som handsamar søknadane. Ta derfor kontakt med kommunen din om du har spørsmål.