RMP tilskot blir utbetalt 24.februar
Tilskot frå Regionalt miljøprogram (RMP) vil bli utbetalt 25.februar. Tilskotsbrevet er no tilgjengeleg i Altinn. Brevet viser tilskotsbeløp, godkjende tiltak og endelege tilskotssatsar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Har du søkt elektronisk vil tilskotsbrevet vere tilgjengelig i Altinn i «Min meldingsboks». Du vil motta påminning om vedtak på sms eller e-post. Klagefristen er 3 veker frå tilskotsbrevet kjem i Altinn. I Rogaland er klagefristen 7.mars. Det er viktig å ta ein sjekk om alt er i orden.
Dei som ikkje har oppgitt sms eller e-post vil få tilskotsbrevet i posten. Har du spørsmål om utbetalinga av tilskotet, kan du ta kontakt med landbruksforvaltninga i din kommune. Eventuelle klagar skal sendast til kommunen. Tek kommunen ikkje klagen til følgje vil den bli sendt til Fylkesmannen for endeleg behandling.