Inngrep i kulturlandskapet
Jordbruksføretak som gjer uønskte inngrep i kulturlandskapet mister retten til areal- og kulturlandskapstilskot. I omgrepet kulturlandskap høyrer både landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturhistoriske verdiar med.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Sterkare miljøkrav med ny forskrift
Miljøkrava i produksjonstilskot i jordbruket blei forsterka ved forskriftsendringa i 2014. Kravet om Miljøplan blei tatt bort, og i staden kom det vilkår om at søkjarane ikkje kan gjere «forringende inngrep i kulturlandskapet» med mindre det er gitt ei tillating. Det vil seie at viss det blir slått fast at det er gjort inngrep i kulturlandskapet, vil føretaket ikkje kvalifisere for areal – og kulturlandskapstilskot (AK- tilskot).
Døme på inngrep
Her er ei liste med døme på inngrep som fører til at ein mister retten på AK- tilskotet. Lista er ikkje uttømmande.
- oppdyrking av skogbryn, kantsoner og andre restareal mot innmark,
- fjerning av åkerholmar, steingjerde og gamle rydningsrøyser,
- oppdyrking eller fjerning av ferdselsårer,
- tiltak i utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova som ikkje er i tråd med godkjent tiltaksplan
- kanalisering og lukking av elver, bekker og grøfter,
- planering av jordbruksareal under 1 daa,
- sprøyting av kantvegetasjon og åkerholmar, med mindre dette er eit ledd i skjøtselen av kulturlandskapet.
Kan gi store konsekvensar for tilskotsutbetalinga
Dersom ein gjer slike inngrep, skal kommunen ikkje godkjenne utbetaling av AK- tilskot. Utbetalt AK- tilskot varierer frå føretak til føretak etter storleiken på areala, type vekst og tilskotssone. Føretaket som mottek mest produksjonstilskot i Rogaland får over 800 000 kr i AK- tilskot, medan eit føretak som driv med 200 dekar fulldyrka eng i sone 3 får 48 000 kr i AK- tilskot. Det totale AK-tilskotet fell bort det søknadsåret då inngrepet i kulturlandskapet blei gjort. Dersom ein i 2018 til dømes lukker ein bekk, så mister ein heile AK-tilskotet for 2018.
Kommunen kan gi godkjenning
Kommunen kan på førehand godkjenne inngrep så framt anna regelverk ikkje er til hinder. Det er viktig å merke seg at godkjenninga må vere gitt på førehand. Blir det slått fast brot, til dømes fjerning av steingard utan tillating, så er vilkåra for AK- tilskot ikkje oppfylt. Dette gjeld sjølv om kommunen i ettertid godkjenner fjerninga.
Leigetakar eller eigar
Det er den som disponerer areala, og som søkjer om tilskot, som er ansvarleg for at det ikkje blir gjort inngrep i kulturlandskapet. Dette gjeld enten ein er eigar eller leigar av eit areal.