Førebu deg til søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot ved ferie og fritid i januar
No er informasjonsmateriell for søknad om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid tilgjengeleg på nettsida til Landbruksdirektoratet. Søknadsfristen er 20. januar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Søknaden leverer du enten elektronisk via Altinn, eller i papirformat til kommunen. Søknadsfristen er 20. januar 2017, og du kan starte å søkje frå 1. januar.
Ver ute i god tid
Det er viktig å førebu seg allereie no. Før registreringsdatoen 1. januar må blant anna føretak vere registrert med disponibel mjølkekvote for å kunne få tilskot til mjølkeproduksjon. For å få tilskot til bevaringsverdige husdyrraser (storfe, sau, geit og hest) må husdyrrasane vere registrerte i høvesvis Kuregisteret (storfe), Sauekontrollen (sau), Ammegeitkontrollen (geit) eller stambokført og fått utstedt hestepass (hest).
I tillegg må føretak vere registrert i Landbruksregisteret og vere registrert med kontonummer før søknad kan leverast.
Informasjon om regelverk og tilskotsordningar
Informasjon om ordningane finn du på nettsida til Landbruksdirektoratet. Her finn du også lenkje til elektronisk søknad, rettleiinghefte, Jordbruksavtalen 2016-2017, og aktuelle forskrifter og rundskriv.
Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen. Det er dei som handsamar alle søknader.