Skogsvegbygging i Rogaland i 2020
Totalt 14 km med skogsveg med tilskot er ferdigmeldt. I 2020 har det vore størst aktivitet på modernisering og ombygging av eksisterande vegar til skogsbilvegstandard tilpassa dagens transportutstyr og driftsteknikk
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vegbyggingsaktiviteten er fordelt på 5 km ombygging til skogsbilveg, 4 km nyanlegg skogsbilveg, og 5 km traktorveg. Gjennomsnittskostnaden for nyanlegg skogsbilveg ligg på 1000 kr/meter med ein gjennomsnittleg tilskotssats på litt over 50 prosent. Det er utarbeidd felles retningsliner for tilskot til skogsvegar, taubane o.a. som alle kommunane i Rogaland styrer etter når dei prioriterer tilskot.
Hovudplan for skogsvegar
Hovudplan for skogsvegar er på plass i alle dei største skogkommunane. Hovudplanane i kommunane viser store behov for modernisering av eksisterande skogvegar i tillegg til behov for større og nye fellesanlegg uavhengig av eigedomsgrenser. Gjennomslag for dei beste vegløysingane krev mobilisering og mykje arbeid.
Hjelp til vegplanlegging
Mange kommunar står utan skog- og vegkompetanse, noko som er ein flaskehals for vegplanlegginga. For å bøte litt på dette kan heile fylket bruke Kritoffer Tveiterå til vegplanlegging. Tveiterå kombinerer 50 prosent stilling på skogforvaltning i Hjelmeland kommune med 50 prosent som vegplanleggar (for heile Rogaland).
Samarbeid på tvers av eigedomsgrenser er nøkkelen for å få på plass gode fellesløysingar. Vi ser at det er behov for meir vegplanleggingskapasitet, og vurderer om det er mogleg å auke kapasiteten på området. Men sjølv med berre 50 prosent stilling gir fellesløysninga gode resultat. Vi får gjennomslag for fleire større veganlegg i tråd med hovudplanane, og sikrar god bruk av statlege tilskot. Dei store fellesveganlegga med mange interessentar er tidkrevjande og krev modning hos eigarane. Spisskompetansen til vegplanleggjaren er viktig for kvaliteten på vegbygginga og ikkje minst for å drive fram gode og framtidsretta vegløysingar i samarbeid med kommunane og skognæringa/skogeigarane.
Kontaktpersoner
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72