Oppdatert kunnskapsgrunnlag om utbreiing av gran på Vestlandet
I rapporten «Naturlig utbredelse av gran i Norge» publiserer NIBIO eit oppdatert kart over utbreiinga av gran i Noreg som inkluderar naturlege førekomstar av gran utanfor dei tradisjonelle skogstrøka på Østlandet og i Trøndelag.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
NIBIO har gjort ein gjennomgong av botanisk litteratur som tar føre seg utbreiinga av granskog og kunnskapsstatus om grana si naturlege utbreiing i Noreg. I gjennomgongen har dei hatt fokus på spontane førekomstar - sjølvsådd materiale av stadeigent opphav. Slike førekomstar er ikkje tidlegare blitt samanstilt for Vestlandet og kyst- og fjordstrøk mellom Salten og Øst-Finnmark. Resultatet er visualisert i eit kart som er oppdatert med naturlege førekomstar av småbestand, holt og enkelttre i desse områda.
I Rogaland er det dokumenter 57 førekomstar av naturleg gran. Dei fleste i Ryfylke, men også nokon i Dalane. Henta frå "Naturleg utbredelse av gran i Norge", Øyen og Nygaard 2020.
Naturleg gran i Rogaland
Slik spontan gran i form av større skogar og skogbestand er rapportert frå mange stader på det sentrale Vestlandet, mellom anna i Ryfylke. I 1927/28 starta Det norske Skogselskap eit arbeid for å kartlegge grana si utbreiing i Noreg med særleg fokus på randpopulasjonane i vestlege og nordlege strøk. Fylkesskogmeistrane langs kysten intervjua grunneigarar og drog på synfaring for å verifisera førekomstar av naturleg gran. I åra 1928-1960 registrerte dei 57 førekomstar i Rogaland. 13 av dei var i sør-fylket (Lund, Eigersund, Bjerkreim og Gjesdal), mens dei øvrige var i nord-øst og indre del i fylket. Den styrste førekomsten på omkring 50 da i form av grupper og blandingsskog fann dei i Foss i Suldal.
Til saman utgjer naturgranførekomstane vestafjells inklusiv Rindal i underkant av 50 000 dekar. Brorparten av alle registreringar gjort i Vestlandsfylka er lokalisert i gamle Hordaland fylke, heile 300 av 400 lokalitetar finst i sørlege delar av Vestland fylke. Innanfor utbreiingsområdet viser grana store variasjonar i vekstform. Førekomstane i Ryfylke, Voss, Hardanger, Sogn og Romsdal er karakterisert som «fjellskogprega» med smale kroner.
Oppdatert kunnskapsgrunnlag viktig for forvaltinga
Rapporten kjem som ein oppfølgar til litteraturstudien «Spontan og plantet gran på Vestlandet og i Nord-Norge» kor førekomstar av naturleg gran i bestand eller holt langs kysten blei kartlagt. I etterkant av denne rapporten kom Landbruks- og matdepatementet og Landbruksdirektoratet med ei oppmoding om at kartgrunnlaget burde oppdaterast til å samsvare med den nye kunnskapen.
Kontaktpersoner
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72