Bygg i tre for framtida

Å bygge i tre gir klimagevinst i form av binding av CO2 i bygget. Dette treng ikkje å gå på bekosting av verken byggeprosessen eller kvaliteten på resultatet. Noregs styrste næringsbygget med berekonstruksjon av tre står i Stavanger og nådde denne veka toppen i to kåringar gjort av byggebransjen sjølv.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.06.2020

Skogen bind CO₂ i trevirket når den veks, og når ein brukar tre som konstruksjonsmateriale blir karbonet lagra i bygget. Det blir lagra omlag 0,8 tonn CO₂ per kubikkmeter konstruksjonsvirke i bygget si levetid om ein tek utgongspunkt at ein brukar gran. I tillegg kjem substitusjonseffekten ved at trekonstruksjonane i mange tilfelle erstattar meir klimabelastande materiale.

Blir trekt fram som eksempel til etterfølging

Finansparken, det nye hovudkvarteret til SR-bank i Bjergsted, Stavanger, er eit eksempel på at tre kan nyttast som berekonstruksjon også i store bygg. Under Byggedagene denne veka blei det kåra til Årets Bygg 2019 og Årets trebyggeri 2019. Konstruksjonen er baset på limtre og massivtre i bøk og gran. Bygget tek også omsyn til klima- og miljø på andre måtar, gjennom lågt energiforbruk, grøne tak og energibrønnar.

I juryens begrunning for tildeling av Årets bygg 2019 står det mellom anna:
«Stavanger har fått ett av Europas største næringsbygg basert på tre i bærekonstruksjonene. Av fagfolk bli prosjektet regnet for å være nybrottsarbeid innen massivtre og limtre i bygg. Alle sammenføyninger er gjort i tre, blant annet trenagler og spesielt utviklede detaljer.»

Les meir om Årets bygg 2019 og Årets byggeri 2019.

Tresatsing i Rogaland

I Rogaland har me ein eigen tredrivar, Kristin Bryne-Sandvik, som jobbar med å auka kompetansen om og bruken av tre. Målet er å gjere private og offentlege aktørar kjende med tre som konstruksjonsmateriale. Auka bruk av tre i bygg vil vere med å skape eit nasjonalt og regionalt marknad, og slik bidra til auka verdiskaping på sikt. Tredrivaren i Rogaland er del av eit nettverk av regionale pådrivarar innan innovativ trebruk koordinert av Innovasjon Norge.

Les meir om tredrivaren i Rogaland og tredrivarnettverket her.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.