Bli med på juletresafari i Hjelmeland laurdag 26.oktober
Det blir produsert juletre i heile Rogaland, men spesielt mykje i Hjelmeland og Strand. – Kunstige juletre kjem aldri til å utkonkurrere levande juletre. I dag klarer vi ikkje å produsere nok tre i Noreg i høve til etterspurnaden, så her er det grunnlag for nye produsentar, seier Mikal Hetland i Norsk Juletreservice AS. Nye produsentar og andre interesserte kan bli med på juletresafari 26.10.2019 hjå Vidar Garheim på Fundingsland i Hjelmeland som har nokre særs flotte juletre av sorten fjelledelgran.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det tek 8-12 år å bli eit juletre
Frå juletreplanta blir sett i jorda til den er eit ferdig juletre, tek det 8–12 år. Eit tre som ikkje får stell blir ikkje noko fint juletre. Og eit tre som ikkje kan selgast, er tap. Ofte blir berre 50 prosent av trea prima vare, medan 20–40 prosent blir standard vare. Målet for produsentane er å få seld over 80 prosent. For å få dette til er kunnskap viktig –og mykje arbeid. Arbeid som rydding av ugras, klipping, forming, kniping av skot, skjere vekk dei nederste greinane og merke tre som skal selgast.
Fjelledelgran har teke over
Populariteten til fjelledelgran skuldast at det er eit fint og smalt tre, og at det held på nålene. Det blir i dag planta meir og meir fjelledelgran i Noreg samanlikna med normannsedelgran. Det er større etterspurnad etter fjelledelgran, og dei som har areal som er eigna til produksjon av fjelledelgran vel dette. Normannsedelgran, som ofte er breivokste tre, kan bli produsert billig i Danmark, men danskane greier ikkje å produsere fjelledelgran av god kvalitet. Dette er klimaavhengig, og dei har hatt problem med sopp og sjukdom på fjelledelgran. Dessutan liker vi i Noreg eit smalare tre enn tyskerane og danskane
Juletresafari
Tid: Laurdag 26.oktober 2019 kl 12-14
Stad: Vidar Garheim, Fundinglandsvegen 859, 4130 Hjelmeland
Målgruppe: Potensielle juletreprodusentar og andre interesserte
Ta med gode sko og klede. Vi skal vere ute heile tida
Arrangør: Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke, Norsk Juletreservice AS og Rogaland Juletre
Fakta
- Juletreproduksjon er ein bransje kor lønnsemda kan vere god. Spesielt Vestlandet er godt eigna for juletreproduksjon
- Trea som blir dyrka har si opprinning heilt andre stader i verda. Fjelledelgran kjem frå Rocky Mountains i USA, medan normannsedelgran kjem frå fjellområde i Georgia og Tyrkia
- I følge statistikken er det 34 juletreprodusentar i Rogaland som i 2018 produserte juletre for over 9 millionar kroner
- 5 juletreprodusentar i Hjelmeland og 4 juletreprodusentar i Strand sel nesten halvparten av alle selde juletre i Rogaland
Kontaktpersoner
-
Kari Sand
Tlf: 51 74 30 21 / 95 03 11 90