Kurs i nye reglar for skatt og tømmerkonto i skogbruket
16. februar blir det kurs i Haugesund om nye reglar for skattlegging i skogbruket. Kurset er retta mot rekneskapsførarar, skogbruksleiarar og tilsette innan skogforvaltinga.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Skattereglane for skognæringa har vore relativt stabile over lang tid. Men frå 2016 og 2017 skjer det store endringar. Det er mellom anna innført nye reglar for vurdering av om skogen blir rekna som skattemessig verksemd eller kapitalinntekt. Og frå 2017 blir tidlegare reglar om gjennomsnittslikning erstatta med ei ny ordning kalt tømmerkonto.
Norges Bondelag og Skogkurs inviterer til kurs på Scandic Maritim i Haugesund 16. februar kl. 9.30 - 16.30.
Lenke for påmelding og meir om kursinnhaldet finn du her.
NB! Frist for påmelding er 23. januar.
Fylkesmannen i Rogaland sponsar deltakaravgifta med 1000 kr for skogbruksleiarar og kommunalt tilsette frå Rogaland.