Sandnesbedrift vann økologisk pris
Den økologiske grossisten Norganic er kåra til årets leverandør av økologiske produkt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Prisen blei delt ut under Den norske matfestivalen i Ålesund 22. august av Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Bioforsk Økologisk og gjekk for første gong til ein bedrift frå Rogaland.
Norganic blei starta i 2002 og har som grossist ei viktig rolle for å fremje økologiske produkt. Produkta blir levert over heile landet til bakeri, spesialbutikkar, storhushaldning og industri. I grunngjevinga for prisutdelinga blir det lagt vekt på at Norganic leverer varer av høg kvalitet til heile landet. Prisen skal bidra til å løfte frem aktørar som utmerkar seg i arbeidet med å auke salet av økologiske varer, og er finansiert av Statens landbruksforvaltning.
Fylkesmannen i Rogaland gratulerer alle tilsette i Norganic med seieren!