Kom deg ut på ØKOUKA 22.-30.september!
Ei feiring av norsk økologisk mat med fokus på råvarer, kunnskap og inspirasjon. Mange spennande arrangement – noko passar også for deg!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
For 4. år på rad arrangerer Økologisk Rogaland (før Oikos) ØKOUKA i Rogaland, og det blir heldt ein rekke arrangement på Jæren og Haugalandet. Det blir mellom anna kurs og foredrag om bokashikompostering, permakultur, regenerativt landbruk eller ville urter, forfattaren av Sannheten på bordet og Sannheten i glasset og pillebefinden Niels Christian Geelmuyden kjem, Margit Vea lager til barnematkurs og ein får anledning til å ta med familien på open gard.... du finn noko som interesserer deg - garantert.
Sjå programmet for Haugaland og Jæren under dokument.
Du kan også følga ØKOUKA si facebookside for oppdateringar.
Velkomen skal du væra!
Dette er ØKOUKA
ØKOUKA blei starta opp i Nord-Trøndelag i 2011.
Nå har initiativet ØKOUKA spreidd seg til mange stader i Noreg, til dømes Trøndelag, Møre og Romsdal, Bergen, Rogaland, Drammen og Oslo.
I Rogaland er det Økologisk Rogaland som har tatt initiativet for ØKOUKA, støtta av Fylkesmannen sine utgreiings- og tilretteleggingsmidlar.