Webinar om investeringsmidlar i landbruket for 2025

Nytt mjølkekufjøs på Vatne i Sandnes.
Nytt mjølkekufjøs på Vatne i Sandnes. Foto: Anders Bøen Gravdal.

Regionalt landbrukspartnarskap i Rogaland har høge ambisjonar for investeringar i landbruket i Rogaland også i 2025. No blir det invitert til webinar om investeringsmidlane i landbruket, 4. desember kl. 13-15.00.

Publisert 21.11.2024

96 millionar i IBU-potten for 2025

I jordbruksoppgjeret for 2025 blei det avtalt å sette av 1272 millionar kroner til investeringsmidlar i jordbruket, av dette går 96 millionar kroner til Rogaland. Det er også for 2025 sett av 100 millionar kroner av løyvinga til ein sentral pott øyremerka til lausdriftsfjøs i storfeproduksjonen. For lausdriftsfjøs kan du få støtte på inntil 50% og 5 mill. kroner. For andre investeringar er det inntil 40% og 3,5 mill. kroner. Partnerskapet hadde møte 31. oktober der det blei semje om prioriteringar for 2025. 

Program

  • Velkomen ved Anfinn Rosnes, Statsforvaltaren i Rogaland. Kort om dei overordna prioriteringane for 2025
  • Innovasjon Norge - om søknadsprosess og prioriteringar 
  • Pause
  • Mjølkebonde Gunnar Vetrhus frå Nedstrand - erfaringar og refleksjonar rundt bygging av nytt fjøs
  • Rogaland Fylkeskommune - om prioriteringar og virkemidlar
  • Spørsmål og dialog

Påmelding

Send e-post til anders.boen.gravdal@statsforvalteren.no  innan 3.desember.

Gratis deltaking. Dagen før webinaret får du ein invitasjon via Teams. Dersom du ikkje finn lenka, sjekk søppelposten din om lenka ligg der. 

Arrangørar: Statsforvaltaren i Rogaland, Innovasjon Norge og Rogaland fylkeskommune.

Vel møtt!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.