Spekepølsekurs med Magnhild Dyrdal
13. oktober inviterer Suldal kommune og Astrid Brommeland i Bygdeutvikling til kurs med Magnhild Dyrdal. Kurset blir på Garaneset i Suldal.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Magnhild Dyrdal er kjent for å laga spekepølser på gamlemåten. I motsetning til industrien brukar ho langsam mjølkesyregjæring av kjøtet. – Spekesmaken treng tid for å utvikla seg, seiar ho.
Før krigen blei spekepølser laga på denne måten i kvar bygd på Vestlandet. Så kom industrien med krav til rask produksjon, og bruk av startkultur i staden for naturleg modning av kjøtfarsen. Då mista me ein del av spekesmaken og me tapte viktig matkultur, seier Magnhild.
Kjøtdeigen skal modna i fleire veker før pølsene stappast. Då utviklast mjølkesyrebakteriar som gir den flotte spekesmaken. Magnhild bruker aldri krydder, eller raudvin, absolutt ingen tilsetingsstoff utanom salt. Kvar gard får sin unike smak på spekepølsa. Kvifor? Ja, det får du læra om på kurset.
Metoden er trygg, og i dag godkjent av Mattilsynet. Mattilsynet har tilsett E.coli-bakteriar i kjøtfarsen hjå Magnhild. Det viste seg at desse svært farlege bakteriane forsvann i løpet av røyke-og spekeprosessen.
Reine smakar av det opphavelege
Den naturlige prosessene skal gi smaken. Droppa ein krydder, kjem dyrets eigensmak i fokus på ein heilt anna måte, understreker hun. I 2011 blei ho kinokjendis i den prisbelønte dokumentaren "Folk langs fjorden" kor ho delte sin matfilosofi. Filmen har blitt vist ein rekke gonger på NRK1 og NRK2 i TV-versjon.
Det er kjekt å få ein slik kapasitet på gardsmat til Suldal.
Praktisk Info:
Magnhild lagar til farsen for spekepølsene oppe på garden sin. Den skal modnast i nokre veker, og ho tek den ferdig modna kjøtfarsen med seg til kurset. Her ser me på korleis den skal lukta og smaka, og me lagar spekepølser. Me skal også laga farse.
Kursdeltakerane har anledning å ta med seg heim og modna farsen for å laga sine eigne spekepølser heime. På den måten får me heile prosessen i produksjonen, og får smaka på ferdige produkt. Magnhild har også ferdige pølser me får smaka og kjøpe med heim. Ho har med seg tarm til spekepølser som de kan få kjøpe.
I tillegg til spekepølser skal me også læra å lage gode middagspølser ala type Vossakorv.
Dato: 13 oktober 2018, kl 9.30-16.30
Stad: Kantina i 2 etasje på Monterbygget, Garaneset.
Pris: kr 1200,- inkl lunsjmåltid
Påmelding: til Astrid Brommeland på e-post: astrid.brommeland@suldal.kommune.no innan fredag 5 oktober
Velkomen til kurs !