Nyyyt leverer til heile landet
Ein av grunnane til at lokalmatverksemda Nyyyt frå Bjerkreim har lukkast i daglegvarehandelen er at dei har "eit vanvittig, sterkt fokus på kvalitet".
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det sa gründer Georg-Fredrik Ueland, dagleg leiar i Nyyyt, til deltakarane på nettmøtet om «Auka lokalmat ut i daglegvare».
Nyyyt er ei familiebedrift som lagar produkt av storfe, lam og gris. Dei har eitt overordna mål - alle ledd skal tene pengar.
Opp- og nedturar
Georg-Fredrik Ueland er ærleg på at dei har hatt ei lang reise ut i butikk. Det starta i 2008 da Pinnasteik kom ut i butikk, og dei trodde dei var geniale. Dei meinte dei hadde eit produkt med tradisjon og ei historie, og med ei emballasje som var tett, og flott. Det selde ikkje, fordi produktet ikkje var synleg for kunden. Georg-Fredrik fortel at dei måtte omorganisere alt og begynne på "skrætsj". Det betydde å tone ned butikksatsinga og jobbe vidare med privatmarknaden.
Framsnakking er viktig
Produktet fekk etter kvart ein butikkvenleg emballasje og ein ny logo som utmerka seg. Han rosar folka i Norgesgruppen og fleire andre rådgivarar som har vore avgjerande for utvikling av lokalmat og fronting av produsentar.
Dei blei med i Norgesgruppen si satsing inn mot Jakobs og Ultra. Demo har vore svært viktig for å få produktet inn i marknaden. I år leverer dei 8 tonn med Pinnasteik, og dei levere til alle Meny-butikkane i Noreg. Pinnasteik er laga av sauerase svartfjes. I tillegg har dei bygde opp ei merkevare med ferske svartfjes inn mot spesielle butikkar. Nyyyt leverer også til COOP Mega under merkevara Bjerkreimslam.
Meir effektiv logistikk må til
Dei har sjølv køyrt varene ut i butikk, og ettersom dette ikkje er kjølevare så kan dei ta med store volum. På sin runde treff dei butikktilsette, noko som er viktig for lokalmatprodusentane, men for butikkane er det tidkrevjande å ta i mot alle. Difor ser dei nå på samarbeidsformer for å effektivisere logistikken.
Krevjande å vere gründer
Georg- Fredrik løftar fram ei særs viktig utfordring som mange lokalmatprodusentar har; dei er få tilsette, har mange ulike arbeidsoppgåver, og må kunne mange fagfelt for å lukkast.
Gode råd
- Ha rett innpris i butikk, fordi kvart ledd skal ha sitt.
- Ha emballasje som utmerkar seg. Forbrukar brukar berre 1 - 2 sekunder i sitt val av produkt.
- Demo er veldig viktig i starten og å gi vareprøvar til dei som skal selje vidare.
- Bruk sosiale medium. Ganske mange ferskvarefolk og andre kundar er på SoMe.
- Delta på aktivitetar og konkurransar som til dømes Det Norske Måltid. Nyyt har fått mykje positiv omtale av fagfolk.
Avslutningsvis oppmodar Georg-Fredrik om å løfte fram eldsjelane som står på!
Arrangørar av nettmøtet der Georg-Fredrik Ueland haldt innlegg var Kompetansenettverket for lokalmat sør, Gladmat, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland.