Nytt fagtilbod - Grønt mangesysleri og entreprenørskap

Mangesyslar. Anita Øvregård frå Vindafjord driv med mjølkeproduksjon, ysting og flatbrødbaking.
Mangesyslar. Anita Øvregård frå Vindafjord driv med mjølkeproduksjon, ysting og flatbrødbaking. Foto: Eli Munkeby Serigstad.

Er du interessert i å utforske korleis gardsbruk kan utviklast på ein meir berekraftig måte? Studiet passar for personar som arbeider i landbruks- eller reiselivsnæringa.

Publisert 04.06.2024

Formålet med utdanninga er å gje innsikt i potensielle mulegheiter og ressursar som allereie eksisterer. Både regionale og lokale behov vil bli lagt vekt på og etter fullført studium skal du kunne meir om korleis du kan få meir utbytte av råvarene og ressursane.

Ansvarleg utdanningsinstitusjon er Fagskolen Rogaland – Senter for nyskapande utdanningar.

Meir informasjon og påmelding

Du kan søke frå og med 31. mai 2024 klokka 09.00. 

Studieprogram

Studiet er på 60 studiepoeng fordelt på fire emne og blir gjennomført over to år, fordelt på fire semester. 

Organisering

Studiet er modulbasert med samlingar i Ryfylke i lågsesongen (september-mars). I tillegg noko nettundervising. Det er lagt opp til to - tre samlingar per emne/modul, til saman 12 samlingar på to år.

Opptakskrav

Opptakskrav er enten relevant fagbrev, fullført og bestått vidaregåande opplæring innan naturbruk, eller lang arbeidserfaring frå relevant område. 

Kontakt

Einar Schibevaag 
Fagleg ansvarleg
E-post: einar.schibevaag@skole.rogfk.no 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.