Lær meir om siderproduksjon!

1. oktober blir det arrangert eit innføringskurs i siderproduksjon med sidersmaking og besøk til siderprodusent.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.09.2021

Målgruppe

Lokalmatprodusentar innan frukt- og drikkeproduksjon med mindre enn 10 årsverk. Erfaring med juiceproduksjon kan vere ein fordel, men kurset passar for nybegynnarar og!

Kurshaldarar, tid og stad

Eivind Vangdal og Guro Helgesdotter Rognså

Dato: 1. oktober

Tid: 09:00-16:30

Stad: Måltidets hus AS, Richard Johnsensgt.4 Ullandhaug, 4021 Stavanger

Pris: 900 kr

Målet med kurset 

Kurset er tilpassa deg som vil vita litt meir om sider og korleis sider vert laga. Kanskje har du laga din eigen sider eller ynskjer å prøva. Kurset er og nyttig om du vurderer å satsa på sider-produksjon som næring, og som forkurs for Kompetansenettverket for lokalmat sine 3-dagars siderkurs i Ulvik (1.-4. november).

Innhald

  • Kva er sider? – typar og stilar; gode sidereplesortar, smakstilsetjing m.m.
  • Kva utstyr treng du? – frå pressing til emballasje for ferdige produkt, tilpassa ulike produksjonsomfang
  • Gjæringsprosessen, og korleis denne kan styrast. Tilsett gjær eller spontan gjæring? Tilsetjing av sukker?
  • Moglege utfordringar og feil som kan koma, og korleis ein kan unngå desse
  • Sensorisk marknadsføring. Korleis faktorar som emballasje og historieforteljing påverkar kunden
  • Trendar innan sider
  • Smaking av tradisjonelle sidertypar og sider med smakstilsetjing og issider. Korleis vurdera smak på sider.
  • Besøk til Sandalen gard, Randaberg – omvisning i sideriet og smaksprøvar

Påmelding

For ytterlegare opplysningar kontakt Aase Vorre Skuland i Kompetansenettverket for lokalmat sør, aase.vorre.skuland@nofima.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.