Verdas beste ost blir kåra 27. oktober i Trondheim
Trondheim er vertsby for Oste-VM 2023 som blir arrangert 27. oktober og over 4500 ostar skal delta i konkurransen om å bli verdas beste!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
World Cheese Award eller Oste-VM finn stad i Trondheim Spectrum 27. oktober. Ostane blir bedømt av 250 internasjonale ostedommarar. Dømming av ostar og kåringa av verdas beste ost skjer fredag ettermiddag og er ope for publikum.
Allsidig program
Du kan møte gards- og handtverksysteri og osteprodusentar frå heile Noreg i Mathallen. Her kan du snakke direkte med ystarane som sel ost frå Norsk Gardsost sin stand.
Smaken av Norge - Ein smakfull kombinasjon av mat og drikke er ein fagkonferanse som blir arrangert på dagtid fredag. Dette er retta mot deg som jobbar innanfor mat og drikke.
For meir informasjon om program og billettar til dei ulike arrangmenta, klikk deg inn på nettsida til Oste-VM.
World Cheese Award, eigd av stiftinga Guild of Fine Food, er ein av verdas største ostekonkurransar. I 2016 vant Tingvollost sin Kraftkar og i 2018 vant Ostegarden sin Fanaost. Hanen, Norsk Gardost og Oi! Trøndersk Mat og Drikke står bak arbeidet med å arrangere World Cheese Award i Trondheim.