Stor interesse for open informasjonsdag om Inn på tunet

Haugen Gard ved Kari Synnøve Velde Haugen og IPT Norge SA ved Tone Skåtterød. Fotograf: Marit Salte

Mange kommunar og bønder ville høyre om kva Inn på tunet - kvalitetssikra velferdstenester kan by på av moglegheiter ved å bruke garden som ressurs.

Publisert 25.04.2024

Det var over 40 deltakarar frå landbruksnæring og kommunar i Rogaland som deltok på informasjonsmøtet om Inn på tunet (IPT) på Torvholen gard i Klepp. Bakgrunn for møtet er aukande interesse frå fleire kommunar som ønskjer informasjon om IPT som ein supplerande kvalitetssikra velferdsteneste i kommunen, samt at fleire gardar lurer på om IPT kan vere ei ny næring.

Kva er Inn på tunet?

Arrangørane Inn på tunet Norge SA ved Tone Skåtterød og Statsforvaltaren i Rogaland ved Åse Hodne Hørsdal, innleia dagen med å informere om kva IPT er og kva moglegheiter det kan by på for både gardar og kommunar. Det blei informert om godkjenningsordninga for IPT som blir administrert av Stiftelsen Norsk Mat , samt status for IPT-næringa i Rogaland. Det er i dag 17 godkjente IPT-gardar og talet har vore stabilt i mange år, og fleire av gardane har avtalar med kommunar. Ei utfordring er å få langsiktige avtalar på plass for å gje grunnlag for stabil inntekt på garden. Det er derfor viktig for gardbrukarar som lurer på å starte opp med IPT å skape god dialog med kommunar for å avdekkje om det er behov for IPT- tenester i kommunen.

IPT som alternativ opplæringsarena

Kari Synnøve Velde Haugen og hennar ektefelle driv Haugen Gard i Vindafjord kommune og er godkjent IPT-tilbydar. Dei har sidan 2004 hatt alternativ opplæringsarena på garden for å ta imot elevar som ikkje passar inn i tradisjonelt undervisningsopplegg på skule. Kari, som er utdanna lærar, starta i det små med 4 elevar 3 dagar i veka. Deretter ein gradvis auke over fleire år og no tar Haugen Gard i mot 36 elevar fordelt over 3 dagar per veke frå 1. – 10. skuletrinn. Elevane kjem i frå fleire skular i Vindafjord og Etne kommune.

Lærar/pedagog-kompetansen er viktig knytt til lovmessige krav som blir stilt til IPT- tiltaket som alternativ opplæringsarena. Dokumentasjon av opplæringsopplegget er viktig. Kvar dag dokumenterer lærar på kvar einskilde elev kva læringsmål som det er jobba med.  Erfaringane frå Kari Synnøve er at mange av borna som har vore gjennom denne opplæringsarenaen, har gitt rosande og rørande tilbakemeldingar i etterkant. For mange har dette tilbodet vore redninga.

IPT- dagaktivitetstilbod på gard

Marit og Arthur Salte driv Torvholen gard og blei godkjent IPT-tilbydar i 2021. Marit fortalte om korleis dei arbeidde med å skape god dialog med Klepp kommune for å sjå om det kunne vere interesse for å starte opp med demensomsorg på garden. Demenskoordinator i Klepp kommune blei kontakta for å avdekke behov og kommunen var på leiting etter supplerande dagaktivitetstilbod for yngre personar med demens eller personar i tidleg fase demens. God dialog blei oppretta mellom gard og kommune, og med midlar for Helsedirektoratet var det mogleg å starta opp med eit prosjekt for å utvikle og teste ut konseptet. Etter 1,5 år uttesting var driftsutgiftene tatt inn i kommunen sitt budsjett. Kommunen stiller med 1 helsefagleg tilsett i tilbodet i tillegg til Marit og Arthur på garden. Kommunen ordnar transport til og frå tilbodet. No har Torvholen gard avtalar med Klepp kommune 2 dagar i veka for brukarar i Klepp kommune og ein dag i veka til brukarar i Time kommune.

Eit godt og bredt politisk samarbeid er viktig for å få på plass eit slikt tilbod samt god forankring i administrasjonen er suksessfaktorar. Torvholen gard er særs takknemleg for det gode samarbeidet med begge kommunar.

Marit fortel at tilbodet krev mykje av dei som skal drivarar kor personleg eigenskapar er vesentleg. Du må stå i tøffe tak, i møte med menneske i ein særs sårbar livssituasjon. Til gjengjeld er oppgåvene meiningsfulle og givande. Tilbodet inneber viktig avlastning for pårørande. Demensomsorg på gard kan medverka til at personar med demens kan få auka livskvalitet og kunne bo lengre heime og utsette behov for institusjonsplass med nokre år.

Oppstart og erfaringar med demensomsorg på gard i Klepp kommune

Kjetil Maudal, ordførar, Wendy Finnerud, kommunalsjef helse og velferd og Signe Hagen, verksemdsleiar heimebaserte tenester, informerte om korleis dei samarbeidet med Torvholen gard i samband med oppretting av tilbodet. I si langsiktige kommuneplanlegging såg dei eit behov for å gi eit meir differensiert tilbod innan dagaktiviteteär for personar med demens. Ikkje alle var i målgruppa for det eksisterande tenestetilbodet. I sin handlingsplan for 2021 var tenestetilbodet til personar med demens tatt inn og Inn på tunet på Torvholen gard presenterast som eit aktuelt tiltak. Kommunen vedtok politisk at dei vil vere med i prosjektet. Demenskoordinatoren var aktivt ute og søkte deltakarar til aktivitetstilbodet.

Erfaringar så langt

Etter ein forsiktig start frå 1 dag i veka med 3 personar har tilbodet gradvis utvikla seg til 2 faste dagar på garden med 6 personar kvar gong. Gruppene  er mangfaldige med ulike behov, men alle deltakarane må vere fysisk oppegåande. Tilbodet passar for tidleg fase av demenssjukdommen.

Klepp kommune fortel at demensomsorg på Torvholen gard er eit godt og viktig supplerande tilbod i tillegg til dei andre dagaktivitetstilbod som er i kommunen. I starten gjekk rekruttering litt treigt, men etter kvart som deltakarar blei kjent med Torvholen gard, så ryktast det fort og fleire kom til etter kvart. Kommunen får mange gode tilbakemeldingar frå brukarar og pårørande, og samarbeidsmodell med Torvholen gard fungerer også særs godt.

Arrangementet er ein del av eit utviklingsprosjekt med Inn på tunet Norge SA som prosjekteigar og kor Statsforvaltaren i Rogaland er med i styringsgruppa. Prosjektet er finansiert av Rogaland fylkeskommune.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.