Inn på tunet løftet 2 – ny nasjonal satsing
Regjeringa fornyar satsinga på Inn på tunet. Over ein treårs periode vil dei bruke 12 millionar kroner på 3–4 pilotprosjekt på landsbasis. Dei aktuelle satsingsområda er demensomsorg, skule- og pedagogiske tilbod, samt psykisk helse, rusomsorg og arbeidstrening.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkeskommunane og Fylkesmannen kan søke
Den nye nasjonale satsinga «Inn på tunet løftet 2», er ei oppfølging av «Inn på tunet løftet 1», implementert vel 5 år tilbake i tid. Inn på tunet-løftet 1 var retta mot kommunane, som kunne søkje om midlar til etablering av nye tilbod. Denne gangen er målgruppa fylkesmannsembeta og fylkeskommunane, som no vil kunne søkje om økonomisk støtte til nye pilotprosjekt. Desse pilotprosjekta skal vere i samarbeid med kommunane eller andre kjøparar av Inn på tunet-tenester, likeså i samarbeid med dei involverte gardane og deira nettverksorganisasjonar. Det vil over ein 3-års-periode bli innvilga 12 millionar til 3 eller 4 pilotar på landsbasis.
Dei aktuelle tenesteområda er:
- demensomsorg
- skule og pedagogiske tilbod
- psykisk helse, rusomsorg og arbeidstrening
«Det er vidare ønskeleg at integreringstiltak for innvandrarar og flyktningar inkluderast i pilotane på område kor dette kan være relevant», heiter det i mandatet til Inn på tunet-løftet 2.
Kva er Inn på tunet?
Inn på tunet (IPT) er definert som tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk, og er ei tverrfagleg og interdepartemental satsing. Fylkesmannen har i oppdrag frå Regjeringa å vere med å marknadsføre dette satsingsområdet.
Inn på tunet er retta mot eit breitt spekter av sektorar og tenesteområde: barnehage, skule, arbeidstrening til ulike brukargrupper, tilrettelagte dagtilbod innan psykisk helse, rus, psykiatri, tilbod til eldre og personar med demenssjukdom, integrering av flyktningar, kriminalomsorg, samt ulike butilbod til barn og unge på gard.