Skape gir hjelp til å skape
Skape tilbyr etablerarar i Rogaland individuell rådgiving og kurs til gründarar som er i startfasen. Bønder og andre som er involverte i landbruket treng og kunnskap om det å drive eiga verksemd.
Publisert 16.04.2024
Skape har mange gode kurs for den som skal starte opp; introduksjonskurs, kurs i sosiale medium, sal og marknadsføring, økonomikurs med fleire. I tillegg arrangerer dei individuell rettleiing, temakveldar, seminar og forum.
Sjekk om det er nokon av aktivitetane i regi av Skape som du kan ha nytte av.
Skape er eit partnarskap mellom alle dei 23 kommunane i fylket. Rogaland fylkeskommune er administrativt ansvarleg for Skape.