Vil du sjå ein moderne frukthage?

Nye og potensielle fruktdyrkarar er velkomne til fruktsafari på Ombo 2. april. Her vil dei treffe Roald Vold og Marianne Kåsen, som har ein av dei mest moderne frukthagane i Noreg. Bli med på tur, og bli inspirert!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.03.2016

Marknaden treng meir norsk frukt. Nye dyrkingssystem som gir frukt året etter planting er utvikla, og dei flinke fruktdyrkarane kan få svært gode avlingar samanlikna med tradisjonell fruktdyrking. Roald Vold og Marianne Kåsen på Golf gartneri på Ombo har planta etter det nye dyrkingssystemet. Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke, Rogaland Fruktdyrkarlag og Bygdeutvikling på Haugalandet inviterer til tur. Det er ingen påmelding eller deltakaravgift.

Ferje frå Hjelmeland til Ombo kl 1215

Ferje frå Nesvik til Ombo kl 1230

Retur frå Ombo kl 1520 eller 1650

For meir informasjon kontakt kari.sand@strand.kommune.no, mobil: 950 31190. Ta med matpakke, gode sko og klede, vi skal vere ute.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke

Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge og kommunane Strand, Hjelmeland og Forsand.