Utmarksnæringa skaper store verdiar
Utmarksnæringa bidrar med nær 50 mill kr i verdiskaping for rogalandske bønder. Dei to andre store innan tilleggsnæring er leigekjøyring og utleige.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Totalt er det snakk om 172 mill kr i verdiskaping frå tilleggsnæringane. Til samanlikning har sauenæringa over dobbelt så mykje, 396 mill kr i verdiskaping.
Sysselsettinga og verdiskapinga er størst i kommunane Vindafjord og Suldal. Til saman har dei to kommunane nær 1/5 av årsverka (233) og verdiskapinga.
Turisme har 22 prosent av sysselsettinga, men berre 8 prosent av verdiskapinga. Turisme er derfor den av sektorane som er mest arbeidsintensiv i forhold til verdiskaping. I motsett ende finn vi utmark med berre 2 prosent av sysselsettinga, og heile 29 prosent av verdiskapinga.
Rogaland ligg i botnstriden på fylkeslista over tal føretak som driv med tilleggsnæringar. Berre Troms og Finnmark har færre. Rogaland har ei stor og effektiv jordbruksnæring og det er grunnen til at Rogaland har så få som driv med tilleggsnæringar. Landbruksteljinga i 2010 (SSB) viste at 49 prosent av føretaka i Rogaland driv ei eller fleire tilleggsnæringar.
Tala er henta frå Norsk Institutt for bioøkonomi sin rapport «Verdiskaping i landbruk og landbruksbasert verksemd i Rogaland» som nyleg blei gitt ut.
Tilleggsnæring er av NIBIO definert som: «Næringsverksemd utanom tradisjonelt jord- og skogbruk, med basis i ressursane på bruket. Det gjeld innsats av areal, bygningar, maskiner etc, men ikkje personressursar eller kompetanse».