Det er framleis mogleg å søke om utgreiings- og tilretteleggingsmidlar til prosjekt i 2018
Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane, UTM skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk kan også få tilskot.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I 2018 fekk Fylkesmannen i Rogaland 3,84 millionar til utgreiing- og tilretteleggingstiltak innan landbruksbaserte næringar. Frist for innsending av søknadar om midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak (UTM) var 1. februar, men vi har midlar igjen. Derfor vil søknadar bli behandla fortløpande så langt midlane strekker til. Send elektronisk søknad til Fylkesmannen i Rogaland.
Fylkesmannen ser spesielt behov for prosjekt innan følgjande tema:
- Plante- og dyrehelse
Kompetansetiltak for å førebygge mot smittsame sjukdommar og skadedyr. - Kombinasjon lokalmat og naturbasert/ landbruksbasert reiseliv. Prosjekt som fremmer auka aktivitet og samarbeid mellom aktørar innan lokalmat og aktørar som tilbyr opplevingar i utmark, skog, kulturlandskap eller på garden.
- Skog-/trebruk/ bioenergi. Prosjekt som fremmer auka aktivitet og samarbeid blant aktørar innan skog-, trebruk, bioenergi eller liknande.
- Pollinering av frukt og bær. Prosjekt som fremmer samarbeid mellom birøktar og frukt- og bærdyrkarar.
- Økologisk landbruk
Prosjekt som bidra til auka produksjon av økologiske produkt.
Andre prosjekt som bidrar til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket og utvikling av andre landbruksbaserte næringar vil også bli vurdert.
Vi minner om at midlane er ikkje retta mot enkeltbedrifter. Det er kommunar, bedriftsklyngar, næringshagar, reiselivsdestinasjonar, faglaga, rådgivinga, organisasjonar med fleire som kan søkje.
Meir informasjon finn du på menyen på høgre sida i dokumentet «kven kan søkje, og kva kan midlane brukast til?». Ta gjerne kontakt med oss for dialog rundt søknaden!
Andre støtteordningar som skal støtte opp under landbruket NB! ordningane har ulike søknadsfristar
Handlingsprogram Næring Dette er prosjekt som bidrar til berekraftig omstilling, auka verdiskaping og nye arbeidsplassar i tråd med Regionalplan for næringsutvikling, Regionalplan for landbruk, Regionalplan for energi og klima, Kystskogmeldinga, Akvakulturstrategi for Rogaland og Reiselivsstrategi for Rogaland. Elektronisk søknad i regionalforvaltning.
Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket Støtteordninga skal medverke til rekruttering og kompetanseheving i landbruket som styrkar verdiskapinga. Søknader skal sendast direkte til Rogaland fylkeskommune.
Midlar til investerings- og bedriftsutvikling (IBU) Dette er bedriftsretta midlar der gardbrukarar kan søke Innovasjon Norge om støtte.
Kontaktpersoner
-
Eli Munkeby Serigstad
Tlf: 51 56 89 62 / 41 41 85 10 -
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72