«Til for bonden» er på plass
Frå 1. september er vakttelefonen «Til for bonden» på plass.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Når utfordringane med å vere bonde blir for store, rammar det både den enkelte bonde, men og familiar og andre som står bonden nær. For dei som slit, er det nå ein stad å ringe for å få hjelp.
På nummeret 950 09 000 får man snakke med ein telefonvakt som kan hjelpe deg vidare eller som kan hjelpe der og då. Vaktene er sjølv erfarne bønder og de har teieplikt.
Dette lågterskeltilbodet er gratis og er meint som hjelp til bønder som har vanskar i kvardagen. Bak tiltaket står Norsk Landbruksrådgiving, Landbrukets HMS, Jæren bedriftshelseteneste, Rogaland bondelag og Fylkesmannen i Rogaland.
For meir informasjon, les brosjyren om «Til for bonden».