Stor interesse for kurs i sosiale media
Mange små verksemder ser tydelegvis eit behov for å oppdatere seg på sosiale media. Kurset på Jørpeland 27.august vart fullteikna berre etter nokre få dagar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke arrangerer saman med Lysefjorden Rundt og Skape.no kurs i sosiale media for bønder og verksemder for andre gong dette året. Kurshaldar Kathrine Jølle Wathne er særs dyktig til å formidle korleis ein kan nytte sosiale media som marknadsføring av verksemdene sine.
På kurset på Jørpeland tek ho for seg det å lage enkle YouTube-filmar og bruk av Facebook. Også Instagram, Twitter og LinkedIn vert omtala. Over 20 personar frå Strand, Forsand og Hjelmeland er påmeldt, og det er venteliste. Av den grunn vert eit nytt kurs i sosiale media for nyetablerarar og verksemder planlagt i november.