Stor interesse for bygging av nye kufjøs

Er det mogleg å bygge nytt kufjøs for mjølkeproduksjon til ein kostnad på maksimum 100 000 kr per båsplass og som i hovudsak er tilpassa garden sitt ressursgrunnlag? Svaret er ja. Mange bønder har møtt opp på møte der dette er tema.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.02.2014

Mattilsynet og TINE Rådgiving har gått saman om prosjektet «Løysningsorienterte planleggingsgrupper» og arrangerte 26. februar det fjerde møtet i Rogaland med tema «Byggje fjøs tilpassa eigen gard». Målsettinga med møteserien er å få fleire bønder til å bygge «billege» kufjøs basert på garden sine eigne ressursar ved først å delta i såkalla løysningsorienterte planleggingsgrupper. Det langsiktige målet er å sikre nok mjølkeråstoff i Rogaland. Møteserien blir m.a. finansiert med BU-midlar.

Prosjektet hadde mål om 40 deltakarar på møteserien. Inklusivt dette fjerde møtet, som vart halde på Finnøy, har rundt 140 bønder deltatt! Denne store interessa viser at temaet treff – mange bønder går med tankar om nytt fjøs – men finn ikkje utan vidare dei gode løysingane som både er rasjonelle i drift, som gir god bruk av beita på garden og som gir ønska lønsemd. På Finnøy møtte 30 bønder og halvparten av desse skreiv seg på lista over å bli med i gruppe eller snarast få kontakt med bygningsrådgivar. God respons!

Mange mjølkeprodusentar finn det vanskeleg å gå for bygging av nytt fjøs. Det blir rett og slett for dyrt – eller sagt på ein annan måte; innteninga forsvarer ikkje investeringa. Og ikkje minst – korleis og kor bør nyfjøset byggast slik at beita fortsatt inngår som ein viktig fôrressurs i eit moderne lausdriftsfjøs med mjølkerobot? På Finnøy-møtet ble nyfjøset til Øyvind Steinnes, frå Hovsherad i Lund kommune presentert. Han tok i bruk sitt nye kufjøs i fjor. Bygget rommar ein produksjon på om lag 300 000 liter på 40 årskyr med rekruttering. Steinnes har realisert mange av eigne idear i nybygget. Etter å ha studerte haldforskrifta grundig gjekk han mellom anna for ein gasstett gjødselkjellar med undertrykk, utan å bygge tett golv i fjøset. Vidare har han på «kusida» berre 20 eteplassar – noko som sparte plass. Og han har ei særs enkelt i-mek løysing på grovfôrhandteringa – kor ballegaffelen med kuttekniv er viktigaste reiskap. Vidare er det knapt med sosiale rom i nybygget. Dette er døme på tiltak som ga eit billigare bygg – Steinnes kom ut med ein investeringskostnad på kr 100 000 per båsplass.   

Mattilsynet har på møta hatt hovudfokus på haldforskrifta for storfe. Det vart mellom anna presisert at Mattilsynet ikkje skal varslast om planar og teikningar av nye fjøs – det er bonden som har det heile og fulle ansvaret for at bygget følgjer lovar og reglar. Endringane i forskrifta (frå 11.oktober 2013, paragrafane 7, 10, 22 og 24) vart også gjennomgått.

I Rogaland produserast det om lag 300 millionar kumjølk årleg. Med mål om at mjølka i 2024 berre skal koma frå kyr lausdriftsfjøs – vart det på møtet hevda at frå no og fram til 2024, berre i Rogaland, kvar månad må byggast mellom 3 og 6 nye lausdriftsfjøs.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.