Stopp spreiinga av smittsame storfesjukdommar
Storfeprodusentar i Rogaland inviterast til informasjonsmøte om smitteførebygging.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det gjennomførast ein større informasjonskampanje med fleire titals møte rundt om i Rogaland i regi av husdyrnæringa sine eigne organisasjonar. Her finn du invitasjonen til sju av møta.
Prosjektet «Stopp spreiinga av smittsame sjukdommar inkl. digital dermatitt» er eit Rogalandsprosjekt og blei starta vinteren 2017 på bakgrunn av at digital dermatitt (DD = klauvsjukdom) spreiar seg i storfebesetningar og at dette skaper store problem for næringa både driftsmessig og økonomisk. Utfordringane med DD, BRSV og BCoV, og andre sjukdommar har bygd seg opp sidan starten på prosjektet og organisasjonane i landbruket står derfor samla om:
«Vi må gjere noko med haldningar og kunnskapsbygging innan temaet smitteførebygging».
Bak dette prosjektet står ei samla husdyrnæring med alle slakteri og meieri i Rogaland, samt dei respektive produsentlaga, TYR, Klauvskjerarlaget, Veterinærforeininga, Mattilsynet og Fylkesmannen i Rogaland.