Stavanger har fått eige meieri
Nyleg opna Lise Brunborg meieri i Stavanger. Mjølka får ho frå Kolbjørn Anda som driv økologisk mjølkeproduksjon på Randaberg.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Eit gammalt kontorbygg i Stavanger Øst har sidan sommaren husa det som blir omtala som det første by-ysteriet i Noreg. På om lag 100 kvm er det sett i stand flunkande nye produksjonslokale, modningslager og plass til kursverksemd.
Mastergrad i kvit geitost
Bak ysteriet står stavangerjenta Lise Brunborg. Ho har studert på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, og teke mastergrad i kvit geitost. Det var aldri aktuelt å søke jobb i den industrielle osteproduksjonen, for Lise Brunborg ville mykje heller vere ein del av miljøet av små ysteri i Noreg.
Ei stund vurderte ho å kjøpe gard og starte med gardsysteri. Samstundes likte ho seg i byen, og visste frå tidligare jobbar at gardsdrift med allsidig produksjon og ysteri betyr arbeid frå tidleg til seint. I staden for å kjøpe gard, valde ho å flytte osteproduksjonen til byen. Ein god samarbeidspartnar for mjølkelevering fann ho i Kolbjørn Anda som driv gard like utanfor Stavanger.
2.000 liter i veka
– Det er fantastisk spennande å vere med på prosjektet. Eg har kjøpt meg ein brukt mjølketank med kjøling, og kjører tre gonger i veka fersk mjølk, til saman rundt 2.000 liter, til Stavanger Øst, seier Anda.
Lise Brunborg har søkt om tilknyting til Debio, og ventar på økologisk godkjenning i desse dagar. For økomiljøet i Rogaland blir meieriet eit viktig bidrag som aukar mangfaldet av norske økologiske ostar. Økokontakt hos Fylkesmannen, Annabell Pfluger, ser positivt på at Brunborg våger å satse på både vidareforedling og sal utanfor dei ordinære kanalane.
Ost til heile landet
Ostane blir selde i den nyleg opna Mathallen i Stavanger, til einskilde butikkar og til Matkompaniet, som sender osten over heile landet. Ho er óg i dialog om levering til restaurantar. Tre produkt er utvikla så langt; «Snedig» som er ein mjuk kvitost, «Ramp» som er ein kremost og «Blåmuggosten». Blåmuggosten godgjer seg på modningslageret, og er ikkje i sal ennå.
Stavanger Ysteri har fått støtte frå Innovasjon Norge Rogaland.