Sats på Storfe! Grillkveld i Bjerkreim 28. august
Slakteria, Fylkesmannen i Rogaland, Bygdeutvikling i Dalane og Faglaget Tyr inviterer til grillkveld hos Aleksander Tengesdal (Søre Tengesdal 22) i Bjerkreim. Tidspunkt er 28. august frå kl 19.00 til 21.00. Alle som driv eller vil drive med storfe er hjerteleg velkomne.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er for lite storfekjøtt i den norske marknaden, og difor er det sett i gong ei storfesatsing i Rogaland for å auke produksjonen. Storfeprodusentane har mange og store utfordringar som hemmer lønnsom drift, og gjennom bl.a. kveldsmøte, rådgjeving, kurs, osv. blir dette sett på dagsorden. Grillkvelden i Bjerkreim er det andre møtet av ei rekkje arrangement som kjem utover hausten/våren.
Representantar frå Nortura, Prima gruppen og Fatland kjem, samt personar frå Bygdeutvikling i Dalane, Fylkesmannen i Rogaland og Innovasjon Norge.
Under møtet vil storfesatsinga kort bli presentert av slakteria og Fylkesmannen. Elles blir det GRILL OG DRØS.