Nytt etablerarkurs i Ryfylke
Torsdag 20. februar kl 18:00-20:00 på Strand VGS blir det heldt eit informasjonmøte om etablerarkurs i Ytre Ryfylke. Etablerarkurs er for dei som har starta, eller ønskjer å starte eigen bedrift.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bjørn Aril Veland frå firmaet CarePak AS på Tau har gått på eit etablerarkurs i regi av skape.no. Kvifor gjorde han det og var det nyttig? I tillegg vil Einar Talgø frå Skape.no orientere om sjølve etablerarkurset.
Etablerarkurset startar opp 3.mars, og består av 12 samlingar på ettermiddag/kveld fram til 8.april 2014.
Kursinnhald: Bli kjend, om forretningsplan, personlege eigenskapar for å lukkast, generelt om firmatype, juridisk - fordelar ut fra forskjellige situasjonar, forrettningsideen - molegheiter og truslar, skjema til bruk i forretningsplanen, firmaetablering, jus, marknadsføring, kreativitet, budsjettering, finansiering, besøk av gründer, framføring og presentasjonsteknikk.
Kurset er lagt opp med forelesninger, diskusjonar og rettleiing der kvar enkelt arbeider med sin forretningsplanen. Hovudføredragshaldarane er Einar Vaardal-Lunde, Ola Barkved og Gunnhild Vaardal-Lunde.
Tidsplan for etablererkurset: kl 1730-2100 måndagar og tysdagar, ferdig før påske. 3. og 4. mars, 10. og 11.mars, 17. og 18.mars, 24. og 25.mars, 31.mars og 1.april, 7. og 8. april.
Pris: kr 3000 for etablerarkurset. Informasjonsmøtet er gratis.
Målgruppe: Du som har lyst til å starte eigen bedrift, du som har starta eigen bedrift og andre interesserte.
For påmelding og meir informasjon om etablerarkurset:
kari.sand@fylkesmannen.no eller 950 31190 eller skape.no
Arrangør: Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke og skape.no