Ny forskrift om kvoteordninga for mjølk

Landbruks- og matdepartementet har vedteke ny forskrift om kvoteordninga for mjølk. Forskrifta gjeld frå 1. januar 2012.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.01.2012

Marknadsbalanse, omsyn til distrikta og variert bruksstruktur er fortsatt dei mest sentrale elementa i kvoteordninga. Samstundes gir den nye forskrifta auka fleksibilitet for mjølkeprodusentane;

  • Mjølkeprodusentar kan produsere mjølk på fleire eigedomar.
  • Det blir lettare å bli mjølkeprodusent ved at alle som har landbrukseigedom kan kjøpe i den private og statlege omsetnadsordninga og byrje med mjølkeproduksjon.
  • Kravet om to år samanhengande leveranse ved sal og utleige av kvote, og for å kunne gå inn i samdrift, er no fjerna.
  • Denne endringa har ikkje tilbakevirkande kraft.
  • Reglane for kvoteleige blir også noko endra. Tidlegare måtte man leige ut kvoter for minimum fem år. Ny forskrift seier at produsentane sjølve skal bestemme kor lenge leigeperioden skal vare.
  • Det blir opna for sal av delar av kvota.

Regelverket for samdrifter er uendra.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.