Meir av BU-midlane i Rogaland til tradisjonelt landbruk
Ramma for investeringstilskot i Rogaland er auka med 2,3 mill frå 2011til 2012. Fylkesmannen ber om at minst 75 % av midlane skal prioriterast til det tradisjonelle landbruket. Distrikta, grovfôrbasert husdyrhald og miljømessig berekraft skal prioriterast.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Måla for bruk av BU-midlane (midlar til bygdeutvikling) er å vidareutvikle eksisterande og skape ny næringsverksemd. Dette skal skje ved å ta i bruk mangfaldet av landbruket sine ressursar. Midlane skal nyttast slik at dei legg til rette for langsiktig og lønnsam verdiskaping, samt busetjing i heile fylket.
Fylkesmannen har no sendt brev til Innovasjon Norge Rogaland om forvalting av dei regionale BU-midlane for 2012. Saman med dei nasjonale dokumenta, gir Regionalplan for landbruk dei viktigaste føringane for bruken av desse midlane.
Rammer for 2012
For 2012 er rammene for Innovasjon Norge Rogaland:
· 33,05 mill. kroner i tilskot til enkeltverksemder (auke på 2,3 mill. kroner frå 2011)
· 67,4 mill. kroner i rentestøtte (same som for 2011)
Distrikta i Rogaland har prioritet på BU-midlane, ved at 70 % av tilskotsmidlane og rentestøtta bør løyvast utanom dei sentrale områda på Jæren. Når det gjeld prioritering mellom tradisjonelle og nye næringar, er målet at inntil 75 % av tilskotsmidlane og om lag 85 % av rentestøttemidlane blir nytta til tradisjonelt landbruk.
Det er, i tråd med signala i den nye Stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken, framleis eit fokus på det grovfôrbaserte husdyrhaldet. 95 % av jordbruksarealet i Rogaland blir nytta til grasproduksjon og gir grunnlag for eit aktivt husdyrhald med sau og ku i heile fylket. Fylkesmannen vil særleg framheve det å oppretthalde mjølkeproduksjon i distrikta.
Saman med løyvingsbrevet har Fylkesmannen sendt eit nytt kriteriedokument om juletresatsing, der det m.a. går fram at ordninga no er retta mot nyetablerarar.
Rundskriv frå Landbruks- og matdepartementet, brevet frå Fylkesmannen til Innovasjon Norge Rogaland og nytt kriteriedokument for juletresatsing finn de på lenkjene nedanfor.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13