Marknaden etterspør frukt og bær i tunnel
Frukt- og bærprodusentar og andre i Rogaland bør vurdere å dyrke frukt og bær i tunnel. Marknaden etterspør både morellar, jordbær, bringebær og andre bærsortar. Ønskjer du å få vite meir kan du bli med på eit inspirasjonsmøte på Fruktpakkeriet i Årdal 7. mars kl 1900.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Etterkvart har det kome fleire nye epleprodusentar i Rogaland, og det er 4-5 som planlegg å dyrke morellar i tunnel. Marknaden ettterspør endå meir frukt og bær i tunnel enn det som vert planlagt. Også lokalproduserte grønsaker er interessant i følgje Bama. På dette inspirasjonsmøtet i Årdal er det frukt og bær i tunnel som er i fokus.
Tid: 7.mars 2018 kl 19-21
Stad: Ryfylke Frukt SA, Svadbergvegen 54, 4137 Årdal
Program
BAMA ønsker meir frukt og bær i tunnel | Øystein T. Kleppa |
Kan pakkeriet i Årdal ta i mot meir frukt og bær? | Svein Hia, Ryfylke Frukt SA |
Morellar i tunnel | Geirmund Helgøy, Helgøyfrukt |
Finansiering av frukt og bærfelt | Olav Tegle, Innovasjon Norge |
Inga påmelding eller deltakaravgift.
For meir informasjon kontakt Kari Sand, e-post: kari.sand@strand.kommune.no mobil: 950 31 190
Møtet blir arrangert av Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke og Rogaland Frukt og Bærdyrkarlag.
Kontaktperson
-
Kari Sand
Tlf: 51 74 30 21 / 95 03 11 90