Lær meir om mathandverk

Matsmiå 2017 er spekka med fantastiske føredrag og kurs. Det blir ei oppleving av dei sjeldne å få høyre gardsfrua Live Skinnes som rei på hest til hagefest på slottet, og Charles Tjessem som er verdsmeister i kokkekunst og lidenskapeleg oppteken av lokale råvarer.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.01.2017

Matsmiå er ein arena for å lære om matkultur og handverk. Her blir det makalause sprell med lokale råvarer som vil gi deg smaksopplevingar du seint vil gløyme.

Vil du lære å lage tradisjonsmat, så passar suppekurset med Bodil Nordjore eller smaksverkstaden med Charles Tjessem og Frode Selvaag for deg.

Er du meir interessert i å fordjupe deg i teknikkar, så finns det kurs i handverksbakst, kjøtforedling, og foredling av grønsaker og frukt.

Matsmiå er elles eit sosialt treffpunkt der du kan bli kjend med mange, superengasjerte matpersonar på kryss og tvers av bransjar. Kan hende vil du få nye samarbeidspartnarar som kan opne nye dører.

Me kan love deg to dagar med mykje matprat, gode smaksopplevingar, mykje lått og løye og mange, nye kontaktar.

Interessert?

Program og påmelding

Då sjåast me på Matsmiå på Karmsund vgs i Haugesund 8. - 9. mars.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.