Kva er verdiskapinga i landbruket i Rogaland?

I oppdrag frå Rogaland Bondelag skal Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning (NILF) gjennomføre ei kartlegging av verdiskapinga i landbruket i Rogaland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.06.2012

Landbruk og landbruksbasert næringsutvikling har stor betyding for sysselsetjing og verdiskaping i mange kommunar i matfylket Rogaland, men kor stor verdiskaping det er snakk om er ikkje kjent. Med dette som utgangspunkt, har NILF starta eit arbeid med å sjå på primærproduksjonen si økonomiske betyding i eit av landets fremste landbruksfylke.

Verdiskaping i kroner og tal for sysselsetjing og produksjonsomfang innan jordbruk, skogbruk og tilleggsnæring er noko av det som skal bli synleggjort. Utviklinga skal også visast over ein lengre periode, frå 2001 til 2010. Ein slik analyse vil vere til nytte for mange, til dømes for landbruksnæringa sjølv, landbruksforvaltninga og aktørar innan landbruksbasert næringsutvikling.

Det er også planar om å nytte resultata frå prosjektet som utgangspunkt for vidare utgreiing omkring ringverknader frå landbruket som til dømes å sjå på verdiskapinga innan foredlingsindustrien.

Det er NILF i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland som skal gjennomføre prosjektet og prosjektnotatet med resultat og funn er planlagt å vere ferdig i løpet av hausten 2012.

Ta kontakt med Aart Magnussen på telefon 51 56 89 63 eller på e-post aart.magnussen@fmro.no for meir informasjon.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.