Krevjande utbygging for mjølkebøndene - skal bli betre til å planlegge
I ei undersøking har TINE Rådgiving funne ut at mjølkebruka i Rogaland i snitt aukar mjølkekvota med 79 prosent ved utbygging. Da er det forståeleg at bøndene opplever utfordringar med økonomi og styring av garden. TINE Rådgiving svarer med å gi bønder tilgang til betre reiskap til å planleggje og gjennomføre byggeprosessen og opptrapping av produksjonen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
TINE Rådgiving har saman med Klepp Rekneskapslag og med bidrag frå Rekneskapslaga på Jæren og Dalane, gjennomført prosjektet «Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon». Gardbrukarane tek stadig større økonomisk risiko. Utvidingar av bygg, nybygg, utvida produksjonsvolum, leige av arbeidskraft, ny teknologi og nye produksjonsmetodar set gardbrukarane i utfordrande situasjonar. Målet med prosjektet var å lære av dei som allereie hadde vore gjennom planlegging, bygging, oppstart og drift av nytt kufjøs.
TINE Rådgiving og samarbeidspartnarane har intervjua bønder og analysert økonomien hos 36 ulike utbyggingsbruk i Rogaland. Dette har resultert i eit styringsverktøy som framtidige bønder kan bruke for å styrke økonomien og drifta på garden. Ein av hovudkonklusjonane i prosjektet er at ei utbygging må delast i ein planleggingsfase, ein endringsfase og ein ny-driftsfase. Det er nødvendig for å få rett vektlegging av dei ulike utfordringane til rett tid.
Eit utval av interessante funn
TINE fann også ut at mjølkekvoten på bruka har auka i snitt 79 prosent ved utbygginga. I snitt var kvoten 216.000 liter eitt år før bygging, med variasjon frå 71.000 til 444.000 liter. Tre år etter bygging var kvoten i snitt 386.000 liter, med variasjon frå 170.000 til 759.000 liter. Ved å samanlikne rekneskap mot driftsplanar fann TINE Rådgiving ut at det ikkje blir tatt tilstrekkeleg høgde for endringsprosessen, auke i produksjon og dertil auke i faste kostnadar i driftsplanane. Det blir heller ikkje teke tilstrekkeleg omsyn til behova og ynskja for investeringar som er på bruka, eller dei andre utbyggingane som bruka har gjennomført.
Undersøkinga viser at svært mange kyr blir utrangert i innflyttingsåret. Heile 60 prosent mot landssnittet på 43 prosent (husdyrkontrollen 2014). Undersøkinga viste også at bruk med større mjølkekvote har større problem med å fylle kvoten i åra etter bygging. Mange av bøndene seier i ettertid at dei skulle lagt meir vekt på å ha god tilgang av kalvar og kviger i endringsfasen. Større produksjon og høgare arbeidsmengde har ført til auka behov for å planlegge arbeidsdagen og sesongane, og til meir leige av arbeidskraft og maskinarbeid på jorda.
Prosjektet er finansiert med midlar frå den regionale partnarskapen representert ved Fylkesmannen i Rogaland, og med bidrag frå Jæren Sparebank, SpareBank 1 SR-bank, Sparebanken Vest, Haugesund Sparebank og TINE Rådgiving, samt eigeninnsats ved TINE Rådgiving og Rekneskapslaga på Jæren og Dalane.
Mjølkeproduksjon har høg prioritet i Rogaland, og skal få auka merksemd dei kommande åra. Fylkesmannen i Rogaland er initiativtakar til ein møteserie «Nytt kufjøs» som er under oppseiling med TINE som hovudpartnar. Målet er at bøndene skal bli motivert til å søkje meir kunnskap og til å ta stilling til kva dei skal gjere i høve til lausdriftskravet.
Les meir om prosjektet på Tine sine nettsider.