Klimasmarte bygg - ein del av tredriversatsinga i Noreg
Tidlegare i haust vert det tatt initiativ til ei ny tredrivarsatsing i fylket. Dette jobbar Rogaland Treforum no med å få i gang. Prosjektet har som mål å få auka kunnskap om trebruk, og bidra til fleire klimavennlege bygg i regionen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rogaland Treforum er ei samanslutning av ulike aktørar innanfor bygge- og trenæringa i fylket. Forumet ønsker å sette i gang eit toårig prosjekt som vil rette seg mot fleire ledd i byggeprosessen - både arkitektar, utbyggarar, og ikkje minst bestillarane av nye bygg.
Tre er eit stadig meir aktuelt byggemateriale
Formålet med prosjektet er betre kunnskap om dei klimavennlege eigenskapene til tre hos dei som skal bygge og bestille nye bygg. Dette blir stadig meir aktuelt ettersom livsløpsanalysar og tydelegare krav om berekraftige materialar blir del av nye byggeprosjekt.
Prosjektet vil rette seg både mot offentlege og private byggeprosjekt. Fylkesmannen støttar satsinga gjennom deltaking i styringsgruppa til prosjektet og støtte frå Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane.