Jan Terje Vignes - vinnar av BU-prisen

Bygdeutviklingsprisen Rogaland 2012 blir i dag tildelt Jan Terje Vignes frå Finnøy. Han er ein framifrå innovatør og handterer på ein unik måte kombinasjonen av eigen kompetanse og styrke med det å ha mot til å våge og evne til å lukkast.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.10.2012

 

Kvart år deler Innovasjon Norge Rogaland saman med Fylkesmannen i Rogaland ut Bygdeutviklingsprisen til personar som har vist god evne til nyskaping og næringsutvikling i landbruket. Janne Johnsen, styreleiar i Innovasjon Norge Rogaland, sto for den høgtidlege overrekkinga av prisen, som er ein diplom og ein pengesum på kr 50 000. Prisen blei delt ut under Fylkestinget 23. oktober. Fylkesvinnaren kjempar i neste omgang om ein nasjonal BU-pris.

Jan Terje Vignes er berre 31 år gamal, men han har saman med kona Lisa allereie klart å byggje opp garden på Lauvsnes til eit mønsterbruk. Her driv dei med egg- og mjølkeproduksjon, samt eit stort gartneri. Berre i gartneriet sysselset han 11 – 15 medarbeidarar. Jan Terje er stadig på jakt etter å utvikle nærmiljøet og spesielt tomatlandet Finnøy.

Jan Terje har vore ein gründer og entreprenør sidan 18-årsalderen. Gjennom ulike verdidrivne prosjekt, søkjer han stadig å gripe nye sjansar. Sjølv om norske tomatar og gartneri i seg sjølv ikkje er nyskapande, så er Finnøy Cherryene eit bidrag til å styrkje tomatproduksjonen på Finnøy.

Gjennom sine basisverksemder (gartneri og husdyrhald) ser han kva for influensområde han kan nytte for styrkjing av eigne merkevarer og kjerneverksemder. Her vil vi nemne kopling opp mot turisme- og opplevingsnæringar, vidareforedling av fråsortert tomat, delaktig i produsentnettverk for lokal mat og om mogleg hovudkunde av eit planlagt biogassanlegg.

Ryfylke livsgnist har på sine turistreiser i Ryfylke lagt inn faste stopp hos Jan Terje på Lauvsnes. Her har han teke i mot 13 000 besøkande. Han viser stort engasjement for yrket sitt, og han har ein solid formidlingsevne som er til gagn for Finnøy og tomatnettverket.

Jan Terje er med på mangt, og sjølv om hovudinngangane for engasjementet er eigen nytte for næringsverksemda, så er Jan Terje og ein som deler sin kompetanse med andre.

www.lgartneri.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.