Har vi noko å tilby turistane og/eller fritidsmarknaden i Stavanger?

1.mars 2013 vert det inspirasjonskveld i Jøsenfjorden for å inspirere og skape grobotn for konkrete idear som det skal arbeidast vidare med. Som inspirator kjem Øystein Davidsen som er ein stor fiskeentusiast. Han vil fortelje om trofefiske og seie kva for artar som faktisk finst i Ryfylke.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.02.2013

 

Program

19:30 Velkommen, Geir Ims, Hjelmeland Vekst as

19:45 Trofefiske, Øystein Davidsen

20:30 Idemyldring

21:15 Oppsummering

  • Skal Jøsenfjorden arrangere ein spanande fiskekonkurranse under Frukt og Laksefestivalen til hausten?
  • Skal det etablerast eit ”Jøsenfjorden Event as” som blir så populært at det vil sprenge hotellkapasiteten i Hjelmeland?
  • Vil Jøsenfjorden Fiskeklubb vere fast arrangør av fiskekonkurransar som vert toppa med eit VM i fjordfiske?

Øystein Davidsen har sjølv fanga 83 slags artar og har ein ståande noregsrekord. Jøsenfjorden er djup og inneheld mange ulike fiskeartar. Fleire av desse kan vere ei utfordring å få på kroken og opp til overflata. Fiske etter desse er ein lokal attraksjon. Målet med møtet er å få moglege idear til korleis vi kan få turistar og lokale til å bruke fritida si i Jøsenfjorden.

 

For meir informasjon ta kontakt med kari.sand@fylkesmannen.no – 950 31 190

Målgruppe: Hjelmelandsbuarar på begge sider av Jøsenfjorden

Arrangør: Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke og Hjelmeland Vekst as

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.