Fruktsatsinga utvidast til å gjelde morellar og bær i tunnel

Kriteria for å få tilskot til investering i frukt- og bærproduksjon er blitt reviderte. Den største endringa er at tunnelproduksjon av morellar og bær har fått innpass.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.11.2017

Fruktsatsinga starta opp i 2014 og skal vare ut 2019 med mål om å fornye og auke fruktproduksjonen. Effekten har vore formidabel på investeringssida, men og på kompetansesida.

Noreg importerer store mengder bær, og saman med næringa og grossistleddet vil det no bli set i gong ei tilsvarande bærsatsing som skal gå frå 2018 til 2022.

Det er Innovasjon Norge Rogaland som forvaltar midlane til Investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU).

Kriterium for å stimulere til auka frukt- og bærproduksjon

  • Det skal leggjast stor vekt på at sortar/kulturar og dyrkingssystem er framtidsretta og at dette skjer i samråd med det aktuelle fruktmottaket, rettleiingstenesta og/eller grossistleddet.
  • For å sikre marknadstilgang, må søkar vise til leveringsavtale med grossist.
  • For å sikre og utvikle dyrkarkompetansen, må søkjar vere medlem i Norsk landbruksrådgiving og Rogaland frukt- og bærdyrkarlag. For å vidareutvikle frukt- og bærnæringa, blir produsentane oppmoda om å delta i forskings- og utviklingsprosjekt.
  • For å sikre god kompetanseutvikling skal nye dyrkarar ha ei fadderordning og ha tilbod om nybegynnar-/etterutdanningskurs.
  • Det vil vere krav om at dyrkaren skal vere profesjonell, og at tiltaket skal vere ein del av ei langsiktig satsing og føre til ei vesentleg inntening på garden.
  • Arealkrav konvensjonell produksjon
    • Eple, plomme og pære på friland: planom å dyrke minst 20 dekar etter tett-plantingsprinsippet, men kan starte med å dyrke 10 dekar.
    • Morellar i tunnel: plan om å dyrke minst 5 dekar, men kan starte med 2 dekar.
    • Morellar i veksthus: plan om å dyrkeminst 1,5 dekar, men kan starte med 1 dekar.
    • Bær i tunnel: plan om å dyrke minst 3 dekar, men kan starte med 1 dekar.
    • Bær i veksthus: plan om å dyrke minst 1 dekar.
  • Arealkrav økologisk produksjon
    • gjeld berre frilandsproduksjon: plan om minst 10 dekar, men kan starte med 3 dekar.

Arealkrava kan unntaksvis og i spesielle tilfelle fråvikast.

Her finn du kriteriedokumentet og fadderavtalen.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.