Forskar på pollen frå leplantingar
I leplantingar på Jæren testar birøktarar og forskarar ut kva for blomar biene føretrekker å samle pollen frå. Resultata kan gje svaret på kva for planter som gir den beste honningen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rogaland birøktarlag har saman med NIBIO (Norsk Institutt for bioøkonomi) sett i gang eit forprosjekt for å løyse fleire problemstillingar. Rogaland birøktarlag har behov for å auke tilgangen av pollen gjennom heile sesongen, då dette påverkar utviklinga av bisamfunna det påfølgjande året. Jo sterkare bisamfunnet er på våren, jo betre utnyttar dei pollen- og nektartilgangen. NIBIO på si sida ønskjer å etablere leplantingar som bidrar til større biologisk mangfald. Ved å samarbeide får dei svaret på kva for plantar som gir best kvalitet på honningen.
Her kan du lese meir om prosjektet. Forprosjektet er finansiert av VRI-midlar.
Rogaland birøktarlag er i ein skikkeleg medvind for tida. Dei har sjølv initiert og teke ansvar for eit treårig mobiliseringsprosjekt. Med det viser dei at mobilisering hand i hand med forsking skaper ei revitalisert næring.