Færre produsentar - uendra produksjonsomfang
Medan jordbruksarealet og produksjonen har halde seg nokså stabilt over tid i Rogaland, har tal føretak som søkjer produksjonstilskot gått kraftig ned.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I fylket totalt har jordbruksarealet vore stabilt på om lag 1 000 000 dekar i perioden 2009-2012. Det betyr at det også er nokså stabilt i dei fleste kommunane i Rogaland. Dei største jordbrukskommunane målt i areal er Hå, Time, Vindafjord, Klepp og Sandnes, alle med over 75 000. Hå kommune har størt jordbruksareal med nesten 120 000 dekar.
Tal føretak som søkjer produksjonstilskot viser eit heilt anna bilete. På fylkesnivå har det gått ned frå 4707 i 2009 til 4500 i 2012, ein nedgang på 4,4 % . I Hå, Klepp, Time, Sandnes og Vindafjord til samen er det 90 færre søkjarar i perioden 2009-2012, ein nedgang på nesten 5 %. Desse tala viser at det er færre og større bruk som held oppe jordbruksproduksjonen.
Tal for mjølkekvotar viser at mjølkeproduksjonen i Rogaland har haldt seg oppe og til og med aukt i perioden mellom 2009 og 2012 med 25 000 tonn til 311 249 tonn. Det same gjeld óg for levert slaktemengde i fylket i den perioden.
Gris og slaktekylling gjekk mye opp, medan storfe og sau og lam hald seg forholdsvis stabile.