Fagleg kompetanse og interesse for storfeproduksjon er viktig for å lykkast

Dei som tener pengar på storfeproduksjon i Rogaland er dei som er dyktige, har faglege ambisjonar og jobbar smart, sa Martin Svebestad frå Klepp Rekneskapslag til over 40 bønder på Ryfylkegarden Holta onsdag kveld.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.11.2013

I regi av Storfeprosjektet i Rogaland vart det arrangert eit temamøte om økonomi på Ryfylkegarden Holta 20.november 2013. Over 40 bønder frå Ytre Ryfylke møtte opp.

Martin Svebestad frå Klepp Rekneskapslag gav deltakarane noko å tenke på då han snakka om variable og faste kostnader. Bonden kan sjølv påverke begge desse utgiftspostane ved blant anna å sjå på grovforproduksjonen, oppforingstid og slaktevekt.

Når det gjeld dei faste kostnadane, er det viktig å sjå på maskinkostnadane. Vert det kjøpt ein ny traktor til kr 500 000, vert dei årlege maskinkostnadane på ca kr 100 000. Vedlikehaldskostnader på bygningar og maskinar, småkjøp, grøfting, administrasjon og forsikring var tema som bonden burde vere meir oppteken av.

Alle bønder bør sjølv sette opp mål for kva som skal produserast. Dei bør lage eit budsjett og følgje det opp ved hjelp av rekneskapsrapportane sine.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.