Etablerarkurs startar på Tau 3.mars

Ønsker du å starte bedrift eller skal du overta ein gard?  Har du drive ei stund, men treng fagleg påfyll? Då kan det vere nyttig å delta på eit etablerarkurs.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.02.2015

Kurset som går på kveldstid på Strand vgs. på Tau startar 3. mars kl 17.30 og er lagt opp med forelesingar, diskusjonar og rettleiing der den einskilde arbeider med forretningsplanen sin. Hovudforedragshaldar er Einar Vaardal-Lunde. Pris kr 3000. Påmelding snarast.

Det er fem år sidan sist det vart halde etablerarkurs i Ryfylke.  

Start 3. mars 2015 kl 1730, Strand vgs, Tau.  

Kurset gir den einskilde etablerar eit best mogleg grunnlag for å starte eiga verksemd, gunnlag for å ei større forståing av kva det vil seie å starte eiga bedrift, sjølvinnsikt og sjølvleiing, dessutan gir det eit godt nettverk.  

Kursdatoar: Tysdagar kl 17.30-21.00. 3/3, 10/3, 17/3, 24/3, 7/4 og 14/4.  

Pris kr 3000  

Påmelding snarast til kari.sand@strand.kommune.no eller 950 31 190. Første kurskveld er gratis, men meld deg på slik at vi veit kor mange som kjem. 

Målet med kurset er å lage ein forretningsmodell for eiga verksemd.  

Kurset er i regi av Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke og skape.no.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.