Etablerarkurs - mykje nyttig informasjon på kort tid

12 kvinner og menn, hovudsakeleg frå Strand, Forsand og Hjelmeland, har deltatt på eit etablerarkurs over 6 kveldar på Tau. Entreprenørskap, skatt, moms, marknadsføring, prissetting og budsjettering har vore tema. Dette er det første etablerarkurset på 21 timar som skape.no nokon gong har halde.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.05.2015

Første kurskveld var gratis og 15 deltakarar møtte. Tre av deltakane fann ut at dette ikkje var noko for dei, anten på grunn av innhaldet i kurset, dei hadde ikkje råd til å delta, sjukdom eller at tida ikkje var inne.  Det at 12 valde å fullføre kurset er særs godt. I andre regionar i Rogaland har det vore problem med å gjennomføre slike kurs, på grunn av manglande deltaking. Marknadsføringa av slike kurs er viktig. I dette høvet har det vore aktiv bruk av sosiale media, e-post, annonse og rykte på bygda. Kurset vart halde på Strand vgs på Tau seks tysdagskveldar i mars og april 2015. 

Eit etablerarkurs i regi av skape.no (etablerartenesta i Rogaland) er vanlegvis på 42 timar. På Tau vart det i vinter arrangert eit etablerarkurs på 21 timar. Deltakarane var mykje godt nøgd med kurset, både kvaliteten på stoffet, det at det var nyttig informasjon i ein oppstartsfase av eiga verksemd, presentasjon av stoffet og forelesar sin evne til å involvere deltakarane. Hovudforelesar var Einar Vaardal-Lunde og få forelesarar er så god som han til å inspirere deltakarane.  Han er særs god til å ha dialog med salen.  

Dei som gjekk på kurset hadde eit ønske om å starte eiga verksemd. Fleire av dei hadde allereie starta, medan andre var i tenkefasen.  Ved å delta på kurset fekk dei eit nettverk, sjølvinnsikt og kunnskap om sjøvleiing - eit solid grunnlag for å starte eiga bedrift. 

Tema som entreprenørskap, moms, skatt, val av selskapsform, kreativitet, marknadsføring, prissetting og budsjettering er viktige for dei som vil starte eigne verksemder. Forretningsmodell og forretningsplanar vart også utarbeidd  under kurset. Kursdeltakarane får tilbod om oppfølging frå Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke etter endt kurs. 

Lenke til Etablerarkurs på Tau

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.