La oss dyrke byane: Konferanse om urbant landbruk 2.november
Vi inviterer til inspirasjonsføredrag og dialog om korleis vi kan organisere og planlegge for denne vaksande interessa med å dyrke byane i regionen vår.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 10.10.2016
Det er i dag ein internasjonal trend med ulike grøne initiativ i og rundt byane. Innbyggarane ønsker å få ein nærleik til maten dei konsumerer, og fleire ønsker også å dyrke sin eigen mat. Urban matproduksjon har potensial til å påverke ei lang rekkje miljømessige og sosiale forhold. For landbruket representerer det utan tvil brubygging og omdømebygging. For byane skapar det attraksjonskraft og inviterer til innovasjon.
Målet med denne samlinga er å synleggjere og diskutere korleis denne type dyrkingsprosjekt kan organiserast og blomstre vidare på eige hand i regionen vår.
Konferansen i Statens hus, Lagårdsveien 44 i Stavanger varer fra kl 10-14:30.
Vi startar dagen med inspirasjonsføredrag frå Trøndelag og Oslo. I Trøndelag har Fylkesmannen jobba med urbant landbruk i fleire år og seniorrådgivar Kari Frøseth kjem for å fortelje om deira erfaringar.
I Oslo har det over mange år vakse fram ei rekkje grasrotprosjekt i dei ulike bydelane. Helene Gallis har hatt ein finger med i mange av dei. Først som initiativtakar og dagleg leiar for MAJOBO, og nå som dagleg leiar for Nabolagshager.
Etter lunsj inviterer vi til dialog om korleis vi kan planlegge og legge til rette for ein god utvikling av urbant landbruk i Rogaland.
Etter lunsj inviterer vi til dialog om korleis vi kan planlegge og legge til rette for ein god utvikling av urbant landbruk i Rogaland.
Vi ber om påmelding til: post@karimeek.no innan tysdag 25.10.